Hopp til innhold

Aarebrot refsar skroting av folkerøysting

Fleire kommunar i fylket kan no ende opp med å ikkje ha folkerøysting om kommunesamanslåing likevel, men heller ei spørjeundersøking på telefon. – Det blir ikkje like demokratisk, seier valforskar Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

KRITISK: Frank Aarebrot er kritisk til bruk av spørjeundersøkingar i staden for ei folkerøysting

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Du kan jo spørje dei kvifor dei ikkje berre kan ha kommunevala på telefon og, seier den røynde valforskaren.

Kommunestyret i Fjaler vedtok måndag at dei ikkje vil ha folkerøysting i kommunen, men heller ei spørjeundersøking på telefon. I går bestemte Naustdal seg for å gjere det same, og i morgon skal Førde og Gaular ta stilling til om dei og skal gjere det.

Les også: Vil ikkje ha folkerøysting i Fjaler

Fjalerordførar trur telefonundersøking er betre

Ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang seier at ei spørjeundersøking på telefon vil gje eit meir representativt bilete av kva folket eigentleg meiner enn ei folkerøysting, og at det ikkje er slik at ei folkerøysting naudsynt er meir demokratisk enn ei undersøking på telefon.

Gunhild Berge Stang avsluttande valdebatt 2015

LIKE GODT: Ordførar Gunhild Berge Stang meiner ei telefonundersøking fungerer like godt

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen er ikkje samd.

– Demokratiet handlar om at folket har ein rett til å velje korleis samfunnet skal styrast, om ein meiner at ei kartlegging av folk sine meiningar er like mykje verdt som retten til å møte opp og påverke, er det ein veldig farleg tanke, seier Aarebrot.

Les også: Får berre seie meininga si om eitt alternativ

Fryktar at økonomi kan vere eit argument

Aarebrot fryktar særleg at det skal brukast som argument at ei telefonundersøking er billegare og enklare å gjennomføre enn ei folkerøysting.

– Nokre gonger skal blårussen berre halde kjeft. Om vi byrjar å vurdere demokrati opp i mot økonomi er vi ille ute, seier valforskaren.

Nokre gonger skal blårussen berre halde kjeft

Frank Aarebrot

Gunhild Berge Stang held likevel fast at økonomi ikkje har vore det sentrale argumentet for dei i Fjaler.

– Vi meiner at ei telefonundersøking er eit like godt alternativ som folkerøysting, så det er ikkje økonomien som gjer at vi vel å gå for den løysinga.

Les også: Samla 250 underskrifter for folkerøysting om samanslåing

Aarebrot seier vidare at det er politikarane sjølve som har sagt at dei vil høyre folket si meining i saka om kommunesamanslåing, og at dei då må ta ansvar for det standpunktet.

Valurne valg stemmeseddel

RØYSTE: Skal innbyggjarane i Sogn og Fjordane få lov til å røyste over kommunesamanslåingar?

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Dersom politikarane meiner at kommunesamanslåing er ei så viktig sak at folket har ein rett til å bli høyrt, så må dei avhalde ei tradisjonell folkerøysting. Om dei ikkje meiner at kommunesamanslåing er viktig nok til det, treng dei ikkje ta seg bryet med ei telefonundersøking heller.

Viktig med mange nok respondentar

I Fjaler er planen at 15 prosent av befolkninga skal bli ringt opp og få høve til å uttrykkje si meining. Fjalerordføraren trur det vil gje eit godt og reelt bilete av kva folket meiner.

Aarebrot seier derimot at i så små kommunar som Fjaler og Naustdal må eventuelt alle innbyggjarane i kommunen få eit reelt tilbod om å svare på ei telefonundersøking, om undersøkinga skal ha noko legitimitet.

– I ein stor kommune ville eg ha tilrådd at ei slik telefonundersøking i alle fall fekk svar ifrå 4000 respondentar for å gje eit representativt bilete. I ein kommune med 3000 innbyggjarar er det vanskeleg å sjå føre seg ei god undersøking utan at alle innbyggjarane har svart på ho.