Grå jako-papegøye - SLIK SER HAN UT: Med raud stjert. (illustrasjonsbilete) - Foto: Wikipedia Commons /

SLIK SER HAN UT: Med raud stjert. (illustrasjonsbilete)

Foto: Wikipedia Commons

"Pelle" ferierer åleine i Jølster

Vingeklipt, men eventyrlysten papegøye stakk av frå campingvogn ved Jølstravatnet.

- Han er det kjæraste eg har. Han flaug vekk frå forteltet vårt her på Solrenning Camping i går kveld (søndag, red. anm). Han er ein grå jako med raud stjert og lyder namnet "Pelle", fortel matmor Reidun Hovlandsdal.

Grå jako-papegøyene er kjenneteikna av lysegrå fjører, med kvite parti rundt augene og raud stjert. Grå jako er ein av dei mest intelligente fugleartane som finst, og eit vakse eksemplar er rekna for å ha intelligens som eit 4-5 år gamalt menneske.

- Sprang etter han

Men sjølv om Pelle er usedvanleg oppvakt til fugl å vera, vil matmor ha han tilbake i campingvogna så fort som råd. For han er ikkje vidare flygedyktig og dermed dårleg egna for livet i det fri.

- Eg såg han for sjølv, eg. Og eg sprang etter, for han er ikkje særleg flygedyktig. Han brukar å vere vingeklypt, men no var det ei stund sidan sidan eg hadde klypt dei. Eg trudde ikkje han hadde kome seg så langt.

- Kor langt kan han ha kome?

- Det er umogleg å seie sidan me ikkje finn han her. Då må han ha floge lenger enn eg trudde han var i stand til, seier Hovlandsdal som har hatt Pelle i seks år.

Ber om hjelp

Ho har no leita gjennom store deler av området rundt Solrenning Camping som ligg like ved Jølstravatnet, men utan resultat.

Dersom du ser ein fugl som passar signalementet av Pelle, ta kontakt med Reidun Hovlandsdal på telefonnr. 90196164. Tysdag føremiddag var papegøya framleis borte vekk.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.