Hopp til innhold

«Kjærleik er kjærleik. Uansett kjønn»

BULANDET (NRK): Unge Høgre kastar seg inn i debatten om homofilt ekteskap i kyrkja. – Kjønn bør ikkje vere viktig, seier Amanda Solvåg.

Amanda Solvåg

KONSERVATIV DOMINANS: Amanda Solvåg trur dei konservative medlemmane har vore langt flinkare til å avgje si stemme enn dei som ønskjer homofilt ekteskap i kyrkja. Her er ho under båtturen til Bulandet i dag, der statsminister Erna Solberg var på besøk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har kome så langt i verda no at det ikkje er greitt å diskriminere homofile. Vi jobbar mot diskriminering av homofile på alle andre punkt i samfunnet, og då må kyrkja følgje opp, seier Solvåg, som er leiar i Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

Spørsmålet om kyrkja skal vie homofile seglar opp til å bli det store i kyrkjevalet. Kyrkjemøtet sa nei i ei jamn avstemming i fjor, og no mobiliserer ja-sida før valet i september.

Solvåg skreiv ein kronikk om temaet i Firda i går. I dag, som del av følgjet til statsministeren som var på valkamptur i Sogn og Fjordane, utdjupa ho synet sitt.

– Kjærleik er kjærleik. Uansett. Uansett om det er mellom kvinne og mann, kvinne og kvinne eller mann og mann. Kjønn bør vere mindre viktig, seier ho.

Trur dei konservative har fått dominere

I Sogn og Fjordane er dei religiøse toppane, prostane i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, alle mot homofilt ekteskap. Biskopane i landet er delt på midten.

Folkekyrkja blir ikkje ei folkekyrkje lenger.

Solvåg, om ei kyrkje utan homofilt ekteskap

Men det er dei som veljarane vel inn i bispedømeråda, som også blir delegatar til kyrkjemøtet, som avgjer spørsmålet om homofilt ekteskap. I Bjørgvin er berre ein av kandidatane frå Sogn og Fjordane tilhengar av at kyrkja skal vie homofile. Hordaland er meir delt.

Ved dei to førre kyrkjevala har omlag 13 % av medlemmane gjeve si stemme. Solvåg trur det er noko av grunnen til at det blei eit knapt nei til homofilt ekteskap på førre kyrkjemøte.

– Ein veldig liten del av medlemmane har stemt. Det er kanskje også dei mest konservative som har stemt. Det betyr at folkekyrkja ikkje blir ei folkekyrkje lenger. Det blir ei kyrkje for dei veldig få, veldig personleg kristne.

Oppfordrar unge til å stemme

Ein kan stemme i kyrkjevalet frå ein er 15 år. Solvåg gjorde det. Ho oppfordrar alle unge til å gjere det same.

Nye valreglar skal gje veljarane meir makt: Mellom anna kan ein no fremje alternative lister til bispedømerådsvalet. Og organisasjonen Åpen Folkekirke, som kjempar for at homofile skal få gifte seg i kyrkja, stiller liste i 9 av 11 bispedøme i valet i haust.

Dei stiller ikkje i Bjørgvin, men enkelte av kandidatane står likevel på organisasjonen sine verdiar. Unge Høgre-leiaren oppmodar veljarane om å kumulere desse.

– Kandidat to, tre og ni har teke eit offisielt standpunkt om å gå til val på Åpen Folkekirke sine meiningar og haldningar. Då meiner eg det er veldig viktig at dei får ekstra stemmer. Eg vil gjerne at kyrkja i Norge skal vere ei open kyrkje, der det er plass til alle.