Fotografen og Keisaren - Foto: Filmmakeriet /
Foto: Filmmakeriet

«Fotografen og keisaren»

1. mai gjekk dokumentarfilmen om Keisar Wilhelm II på fjernsyn. No kan du sjå den i nett-tv.

Balestrendingen Ingrid Ese sin dokumentarfilm «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II og turane hans til Balestrand, kan du no sjå i nett-tv.

Filmen gjekk på NRK 1 den 1. mai.

– Dette er utruleg kjekt. Når ein har jobba så mykje med noko som det eg har med denne filmen, så er det utruleg kjekt å få vise det for heile landet, sa Ingrid Ese i slutten av april.

Ho ønskte å ha NRK med på laget då ho skulle lage filmen, men den gong fekk ho ikkje draghjelp.

– Difor hadde eg ingen forhåpningar då eg sende inn den ferdige filmen til NRK. Stor var forundringa då eg vart oppringt førre veke og dei fortalde at dei ville setje han opp i beste sendetid 1. mai, sa Ese.

Video Arkivskatt blir til dokumentarfilm - Foto: Nyhetsspiller /

Sjå TV-reportasjen om dokumentarfilmen og filmskaparen.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.