Hopp til innhold

«Eg kjende meg litt rar då eg kryssa gata med over 600.000 kroner i kontantar»

Dei fleste som deltek på EM i vektløfting har betalt alle avgifter før dei kjem til Førde. Men om lag 25 prosent betalar i kontantar. Og då snakkar vi bereposar med kontantar.

Silje Furset og Knut Folkestad

UVERKELEG: - Å sitje med slike summar er ikkje noko ein gjer til dagen, seier f.v. Silje Furset og Knut Folkestad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette er slett ikkje uvanleg i andre land. Men for oss er det sjølvsagt litt utanfor normalen. Eg kjende meg litt underleg når eg kryssa gata til banken her ein dag med over 600.000 kroner i Euro-setlar i ein plastpose frå Mega, seier Knut Folkestad, som har hatt mange turar i banken denne veka.

Framfor han og Silje Tveit Furset ligg nær 230.000 kroner i Euro i kontantar. Summen dei fekk frå den russiske delegasjonen som kom seint laurdag kveld.

– Sidan det er ein annan valuta så får vi ikkje same kjensla av kor mykje det er. Men det er vilt mykje pengar, seier Furset.

Fører sirlege lister

Saman med Folkestad står ho for akkreditering og innlosjering av dei 396 deltakarane, samt følgjepersonar, frå 40 nasjonar. I seg sjølv ei krevjande oppgåve viss alt hadde gått etter boka.

– Deltakarane skal betale både deltakaravgift og andre avgifter, samt overnatting og einskilde skal også betale for transport. I utgangspunktet skal alt dette vere betalt på førehand før dei kjem til Førde, seier Folkestad, og syner eit tjuetals lister i Excell-format printa på A5-ark.

Avtale i boks

KOM I MÅL: Her er bilete frå søndag kveld då den russiske delegasjonen betalte 24.800 Euro, omtrent 230.000 norske kroner.

Foto: privat

Namna på utøvarar og støtteapparat står i ei kolonne, så følgjer kolonne på kolonne med flytider, flyplass, overnatting, i tillegg til kor mykje dei skal ha betalt inn på konto før dei kom til Førde. Men hjå om lag 25 prosent er denne kolonnen tom.

– Her snakkar vi kulturforskjellar, og andre måtar å gjere ting på. Dei 25 prosenta som ikkje har betalt utgjer om lag to millionar kroner, som vi då må ta i mot i kontantar, seier Folkestad.

Ender alltid med semje

Og det er då moroa verkeleg tek til. For mange av dei som kjem, legg ikkje berre seddelbunken på bordet og er ferdige med det. Dei prutar. Eller diskuterer. Eller protesterer.

– Når det dreg seg til, er eg glad for at Knut er her. Ikkje at eg er redd, altså. Men det er litt oppheta av og til, seier Furset.

Det viktige stempelet

KONTORET: På dette rommet må alle utøvarar og føljepersonar innom for å akkreditere seg. F.v. Silje Furset og Knut Folkestad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ein må berre spele med. Vere litt seljar og gjøglar, og litt alvorsam innimellom, seier Folkestad, som har reist land og strand rundt og kjenner mange kulturar.

– Og så ender det alltid med at vi er gode bussar, ler Folkestad.

Men det er ikkje til å stikke under stol at kontantbetaling, også utan pruting og dikkedarar, tek ekstra tid.

– Det blir mykje teljing, det er det ikkje tvil om. For stemme må det, seier Folkestad.

EM i vektløfting startar i dag og varer ei veke.