Hopp til innhold

«Det var heilt, heilt sprøtt»

Truls Kleiven skulle berre køyre opp søpla, då han kasta eit blikk ut mot havet...

Nordlys over bykjernen i Florø

MAGISK: – Det var ei sterk oppleving, seier fotograf Truls Kleiven om synet av det flotte nordlyset over bykjernen i Florø.

Foto: Truls Kleiven

– Eg oppdaga eit kraftig nordlys. Og for å seie det slik – eg kunne ikkje gå og leggje meg då, seier Kleiven.

– Var rett og slett ei magisk oppleving

Amatørfotografen frå Florø hadde eigentleg tenkt å hoppe i loppekassa, då klokka nærma seg midnatt. Han skulle berre køyre opp søpla først. Men det enda med fotografering i to timar.

Resultatet var sjeldan gode bilete av nordlyset. Til ståande ovasjonar på Facebook.

– Det var heilt, heilt sprøtt. Eg har halde på med dette i nokre år, og har heile tida ønskt meg nordlyset rett over bykjernen i Florø. No klaffa det – og det var veldig spesielt, seier Kleiven.

– Rett og slett ei magisk oppleving, legg han til.

Kraftig nordlys over Florø

STILIG: Truls Kleiven sine bilete av nordlyset har fått fleire hundre likes og kommentarar på Facebook.

Foto: Truls Kleiven

– Bileta er tekne rett frå kamera

Kleiven meiner sjølv at fleire faktorar klaffa på éin og same gong: Fullmånen lyste opp skyene, kombinasjonen med lyset frå byen og sjølve nordlyset.

Bileta er tekne i raw-format, med ein lukkar på mellom 1,2 og 2 sekund.

– Eg slapp å gjere noko særleg med dei. Bileta du ser er eigentleg rett frå kamera.