Hopp til innhold

«Dåsa» til Thorsnes går verda rundt

Det heile starta med ein TV2-reportasje om ein idrettsskade på ein noko intim plass førre veke. No går biletet som fotballspelaren Elise Thorsnes la ut av seg sjølv på twitter verda rundt.

Elise Thorsnes og hennar intime skade

TRENG IKKJE VARME HENDER: Elise Thorsnes klarar seg med ein ispose når ho behandlar skaden hennar. Biletet er so langt retweeta over 300 gonger.

Foto: privat / Patrik Stollarz / Afp

Stabækspelaren Elise Thorsnes slit med ein belastningsskade i området under magen. Etter at TV2 laga ein fjernsynsreportasje om den noko spesielle skaden, har systrendingen fått fleire tilbod frå folk som meiner dei har dei rette eigenskapane til å lækje 24-åringen.

Video Elise Thorsnes før VM-start
Foto: Nyhetsspiller

Ho har via Twitter takka pent nei.

«Tusen takk for alle førespurnad ang. dåsa mi etter reportasjen på TV2. Men me klare oss fint utan varme hender o.l. »

Som vedlegg til meldinga la ho ut eit bilete som viser at ho klarer seg med ein ispose.

Ein kvinneleg landslagsspelar som legg ut eit bilete av seg sjølv med ein ispose i trusa er tydelegvis noko som fangar interessa til fleire enn norske fotballfans, skriv TV2.

Danske Ekstra Bladet slo til med overskrifta «Norsk fodboldstjerne køler kønsdelene», medan svenske Aftonbladet skreiv «All pr är bra pr – EM-stjärnan blottar sin magskada».

Også utanfor Europas grenser har Thorsnes no blitt kjend for anna enn det ho gjer med beina på fotballbana. Brasilianske Terra brukte overskrifta (oversett frå portugisisk) «Nordmann postar trusebilde og takkar for støtta for den intime skaden».

Sjølv sa ho til Ekstra Bladet at ho ser på alt oppstyret som morosamt.

– Og så er det viktig å skapa litt merksemd, og all PR er god PR, seier ho til den danske avisa.