Hopp til innhold

«Dagmar»-tapa vil ingen ende ta

Tapa etter «Dagmar» vil ingen ende ta for Sogn og Fjordane fylkeskommune. No går dei også glipp av store kraftinntekter.

Dagmar sine herjingar i Eid

SKADER: «Dagmar» herja ikkje berre vilt i Eid. No taper også fylkeskommunen ytterlegare pengar på uveret.

Foto: Øystein Torheim

Særleg har dei ekstraordinære utgiftene på vegnettet gått utover økonomien.

No går fylkeskommunen truleg også glipp av over 20 millionar kroner i kraftinntekter som følgje av SFE sine store utgifter i samband med «Dagmar».

– Vi får no håpe at vi ikkje får ei «Dagmar» på besøk kvart år, vedgår fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

– Alvorleg

Åshild Kjelsnes

TAPER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes må sjå at pengesluket «Dagmar» stadig dreg med seg fylkeskommunale millionar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Uveret i romjula gjorde store skader. Berre på vegnettet gjorde «Dagmar» skade for over 100 millionar kroner .

– Vi hadde også betydelege utfordringar i 2010, så det er klart at det er alvorleg for både eitkvart fylket og kvar og ein kommune som kjem opp i slike situasjonar, seier Kjelsnes.

Misser halve utbytet

Kraftselskapa i fylket må ut med nær 130 millionar kroner etter uveret . I fjor betalte SFE ut 90 millionar kroner til eigarane, der fylket, som er største eigar, stakk av med nær halvparten.

I år blir utbytet berre 40 millionar kroner til eigarane, etter eit overskot på svake 10 millionar kroner for kraftselskapet.

Her var Dagmar

HERJA: Her var «Dagmar» i romjula.

Foto: Statens vegvesen / Grafikk

Kjelsnes meiner det er naudsynt med ein debatt om korleis fylke skal makte utgifter etter naturhendingar som «Dagmar».

– Dette tok eg mellom anna opp på Regjeringa si kontaktkonferanse i førre veke, at kommunar og fylkeskommunar må settast i betre stand for å takle eit klima i endringa, seier Kjelsnes.

Vil ikkje merke

Likevel, Kjelsnes seier innbyggjarane i trivselsfylket truleg vil merke lite til det manglande utbytet frå SFE.

– Vi har etablert eit bufferfond for å handtere svingingar som vil vere i eit utbyte, seier ho.

Her var Dagmar

HERJA: Her var «Dagmar» i romjula.

Foto: Statens vegvesen / Grafikk