Hopp til innhold

– Vindmøllepark øydelegg for TV- og radiosignala

– Eit vindkraftverk på Brosviksåta og Dalsbotnfjellet i Gulen vil øydeleggje for radio og tv-signal frå hovudsendaren i Gulen, meiner Norkring.

Jørgen Thaule/vindpark på Brosviksåta

VINDPARK: Slik blir Brosviksåta vindpark sett frå Eivindvik. Jørgen Thaule seier dette øydelegg for TV-signala.

Foto: Norges Televisjon/Foto og visualisering: Mari-Ann Ekern, Rambøll

Dei har no har klaga på NVE sitt vedtaket om løyve til utbygging av vindmøller i området. Jørgen Thaule i Norkring seier NVE må gjere om på vedtaket og avslå løyva.

– Om det kjem ein stor vindmøllepark i nærleiken av hovudsendaren i Gulen, vil ikkje tenestene vi har i dag, bli av den kvaliteten vi skal levere. Det er ikkje plass til begge deler i området, seier han.

– Får konsekvensar for heile Vestlandet

Norkring som eig og driv dei fleste sendarinstallasjonane i Norge, har no klaga på vedtaket frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat som tidlegare i haust gav grønt lys til å byggje vindkraftverk på Brosviksåta og Dalsbotnfjellet i Gulen.

–Dei store vindmøllene vil forstyrre eller øydeleggje signala frå Gulen-sendaren og føre til at dei ikkje kjem fram, seier han.

Norkring meiner vindmølleparken vil få konsekvensar for TV- radio og mobil signala frå Gulen hovudsendar som er ein av 47 hovudsendarar i Norge. Sendaren i Gulen leverer signal til mange andre mindre sendarar.

– Dette får ikkje berre konsekvensar for sendaren i Gulen, men også for resten av nettet på Vestlandet. Det er ein omfattande og dyrt å byggje nytt.

Fryktar for beredskapen

Norkring skriv i si klage at dei meiner NVE ikkje har teke omsyn til konsekvensane utbygginga av ein vindmøllepark vil få. Dei vil no at NVE må gjere om på vedtaka og avslå løyva som er gitt.

– Beredskapen i fylket vil ikkje bli så god som den skal vere, om vindparken kjem. Blir det vindmøllepark, kan vi ikkje bruke Gulen som hovudsendar, seier han.

Direktør Rune Flatby for konsesjonsavdelinga i NVE meiner dei har teke omsyn til Norkring si høyringsuttale.

– Førebels er det for tidleg å seie om det er grunnlag å endre konsesjonsvedtaket. Men vår oppfatning er at vi har følgt dei innstillingane vi har fått frå Norkring og pålagt naudsynte vilkår slik at det kan løysast.

Brosviksåta frå helikopter

TV-SENDAREN: Slik ser sendaren på Brosviksåta ut sett frå helikopter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK