Hopp til innhold

Meir enn ein konkurranse

Danseworkshoppen under fylkesmønstringa på UKM er eit eksempel på at det å lære noko nytt, møte nye venner og oppleve eit spesielt samhald er like viktig som resultatlista.

– Dette var mitt fyrste møte med dans, fortel Stella Birte Poland. Ho er med på UKM med sceneinnslag på harpe, men melde seg på danseworkshoppen i Førdehuset laurdag ettermiddag.

I to timar hoppa dei, poppa dei og sklei røft frå side til side. 10 jenter var meldt på workshop med Dag Rune Sjøli og Trude Amalie Leirpoll. To profesjonelle dansarar frå Kunsthøgskule i Oslo greidde å inspirere ungdommane frå fylket.

– UKM er eit kjempetiltak! Det er ein møteplass for ungdom, fortel Sjøli entusiastisk. Sjølv var han med fleire gonger som ung, og kunne ynskje det var workshopar han sjølv kunne vore med på.
– Me er her for å inspirere. Eg håpar dei får noko ut av det, legg han til.

(Artikkelen held fram under videoen)

Meir enn ein konkurranse

– UKM er så mykje meir enn ein konkurranse, fortel Leirpoll. Ho fortel om samhaldet og om inspirasjonen ein får av å sjå andre ungdommar.
Og det er nettopp dette UKM er; ein møtestad som kan bygge bru mellom kommunane. Her kan ein finne andre som er like flinke, inspirerande, sære og gode som seg sjølv. Vennskap og nye samarbeid blir danna, ny musikk, kunst og dans utvikla.

Dans er kult

– Dei fleste som er her, er meldt på i ein anna grein enn dans, fortel Sjøli. Kanskje får dei smaken for det og deltar som dansarar neste år.

– Eg kjem i morgon også, fortel Poland.
– Dans var kult, legg ho til.