Hopp til innhold

– Trasig å sjå ei så stolt skute slik

Audun Dybedal frå Måløy stod på brua på hurtigruteskipet «Kong Olav» i 18 år. No synest han det er svært leit å sjå bilete av ei svært så forsømt skute.

Hurtigruteskipet Kong Olav i forfall

TRASIG SYN: Den tidlegare så stolte skuta er ikkje spesielt god reklame for det norske kongehuset der ho ligg med det gamle namnet godt synleg.

Foto: Håvard Kristian Mathiesen

For sidan 1997 har skipet vore i Thailand. Der har det ikkje vore mykje brukt, og norske entusiastar har prøvd å få kjøpt «Kong Olav» heimatt til Norge. Men det har ikkje lukkast, seier Jan-Olav Storli i mskongolav.net.

– Den thailandske eigaren har berre tenkt på å tene grassat med pengar på skipet, og no er skuta rasert.

Audun Dybedal fortel at han for rundt 15 år sidan vart kontakta av to karar som var interessert i å kjøpe hurtigruteskipet. Dei ville at han i så fall skulle føre skipet heim til Norge.

Men det vart ikkje noko av kjøpet - prisen vart for høg.

Hurtigruteskipet Kong Olav

PREKTIG SKUTE: «Kong Olav» på den tida skuta tråla opp og ned langs norskekysten.

Foto: mskongolav.net

Over Stadhavet under nyttårsorkanen

Dybedal førde «Kong Olav» på siste turen til Bergen den 30. april 1997. Då var skipet i tipp-topp stand.

– Det var ei prektig skute. Ho var bygd ved BMV i Solheimsviken i Bergen i 1964 som erstatning for «St. Svithun», som forliste på Folla. Det var ei svært sterk skute som kunne gå i all slags vêr.

Med Dybedal og «Kong Olav» på turen til Bergen i 1997 var eit TV-team frå NRK Sogn og Fjordane og laga eit program om siste turen.

Audun Dybedal

– SVÆRT STERK SKUTE: Audun Dybedal frå Måløy stod om bord på «Kong Olav» i 18 år.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Dybedal stod til rors på «Kong Olav» over Stadhavet under nyttårsorkanen i 1991.

– Då vi kom til Trondheim fekk vi vite at det hadde vore 28 meter høge bølgjer. Det var livleg, men skuta tolde slikt vêr, det var berre snakk om å ha passeleg fart.

No synest han det er trist å sjå bilete av eit skip som ber tydelege teikn på forfall.

– Det er trasig å sjå at ei så prektig skute blir forsømt på denne måten, seier Dybedal, som har vore pensjonist nokre år.