Hopp til innhold

– Storkommune i Sogn kan gi nye statlege arbeidsplassar

LEIKANGER (NRK): Der Sunnfjord og HAFS-kommunane har kome langt i kommunesamanslåingsarbeidet, går det saktare i Sogn. Det uroar fylkesmann Anne Karin Hamre.

Anne Karin Hamre

ETTERLYSER FRAMDRIFT: - Politikarane i Sogn bør tidleg avklara om Sogn er ein realistisk storkommune, eller om ein skal greia ut mindre alternativ, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

– Ein kan ikkje protestera mot alt. Eg trur derimot at større kommunar kan bidra til å halda på - og gi oss nye - statlege arbeidsplassar, seier Anne Karin Hamre.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rettar ein lyfta peikefinger mot Sogn i kommunesamanslåingsarbeidet. Grunnen er at ei rekkje nøkkelinstitusjonar i regionen – som fylkeskommunen, NAV, Fylkesmannen, høgskulen, Skatteetaten, tingrettane, Mattilsynet – er i spel, og fleire av dei kan i ytste konsekvens bli sentralisert vekk.

– Slagferdig storkommune

Utan ein slagkraftig storkommune i Sogn meiner Hamre at det kan bli vanskelegare å halda på desse offentlege arbeidsplassane, og òg å sikra seg nye:

– Ein kan vera så usamd ein vil, men tenkinga er i større grad slik at det må eit visst folketalsgrunnlag til for å få tilført nye arbeidsplassar.

Hamre og dei andre fylkesmennene i landet skal følgja opp kommunar som ikkje tek grep i kommunereformarbeidet. I Sunnfjord og HAFS-regionen har dei kome så langt, at dei har starta på nokre av dei verkeleg vanskelege spørsmåla – som kvar kommunesenteret skal vera og kva kommunen skal heita.

I Sogn vedtok regionrådet før helga eit løp som skal enda opp med ein siste av tre delrapportar i oktober, som skal omhandla ulike kommunesamanslåingar, som alle ni kommunane frå Høyanger til Årdal, eller to andre alternativ der tre til fem kommunar er med.

- Farten må opp

Hamre meiner sognepolitikarane må auka utgreiingsfarten for å tryggja arbeidsplassar i regionen:

- Me som leier dei offentlege etatane i Leikanger prøver i dialogen med Oslo å få fram at kommunen er ein del av ein bu- og arbeidsmarknadsregion på 25.000 innbyggjarar, men det blir stadig vanskelegare å få forståing for å flytta ut nye statlege arbeidsplassar til ein mindre kommune. No er òg retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar blitt endra, slik at det er blitt meir krevjande enn før å få lagt arbeidsplassar til mindre kommunar, seier Hamre.

– Look to Leikanger

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal (Sp) og nestleiar i Sogn regionråd, er usamd med Hamre.

– Eg er ikkje uroa for at sognekommunane blir for små. Me har i fylket tidlegare makta å få flytta statlege arbeidsplassar frå by til land. Vesle Leikanger er eit godt døme på det.

Jan Geir Solheim

SUNN SKEPSIS: – Eg let meg ikkje stressa. Kommunereforma er stor og omfattande, så utgreiing får ta den tida ho tek, seier nestleiar i Sogn regionråd, Jan Geir Solheim (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Lærdal, Aurland, Vik, Luster og andre kommunar i midtre og indre Sogn er skepsisen mot kommunesamanslåingar inngrodd. Hamre meiner politikarane må ta innover seg at det blir stadig fleire eldre og mindre oljeinntekter, noko som vil tvinga kommunane til å bruka meir pengar på gode innbyggjartenester, og mindre på administrasjon. Solheim kjøper ikkje det som eit resonnement for kommunesamanslåing:

– Det er sunt med skepsis. Dette handlar om identitet, og då må me får tid til å gjennomføra ein skapleg prosess, og folk må få tid til å tenkja seg om. Me må ta tida som trengst med utgreiing, så får resultata koma etter kvart. Eg let meg iallfall ikkje stressa.