Elin Stølen på Springsteen - KOSTE SEG: Elin Stølen storkoste seg på Bruce Springsteen-konsert i Bergen måndag. - Foto: Bjørnar Knutsen /

KOSTE SEG: Elin Stølen storkoste seg på Bruce Springsteen-konsert i Bergen måndag.

Foto: Bjørnar Knutsen

– Springsteen var fenomenal

– Eg tenkte ikkje på blemmene eit einaste sekund, konserten var heilt fenomenal, seier ei sprudlande Elin Stølen. Ho og ektemannen Sigmund Larsen rodde nemleg frå Nordfjord til Bergen for å få med seg «The Boss»!

– No har me nett reist frå Kleppestø utanfor Askøy. Mellom 14 og 16 nautiske mil er etappen i dag (tysdag, red. anm.), seier Stølen.

Var verdt det

Sigmund Larsen - EKTEMANNEN: Sigmund Larsen - Foto: privat /

EKTEMANNEN: Sigmund Larsen

Foto: privat

Ho og ektemannen slapp unna ferjekaoset som råda på E39 Lavik-Oppedal både søndag og måndag. Dei tok nemleg sjøvegen til Bergen. I robåt.

Og den ivrige dama seier det var verdt det.

– Me nådde konserten og låg perfekt fortøydd inne i Vågen. Me låg mellom alle båtane dei store båtane, me vart invitert om bord og me hadde det som plomma i egget, seier ho.

Men turen sitt høgdepunkt var utan tvil sjølve konserten.

Bruce Springsteen på Koengen i Bergen (2012) - «THE BOSS»: Bruce Springsteen er kjend som «The Boss». På konserten i går beviste han kvifor.
- Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

«THE BOSS»: Bruce Springsteen er kjend som «The Boss». På konserten i går beviste han kvifor.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Heilt fenomenal

– Konserten var heilt fenomenal. Me trudde me fekk sjå han i ein time eller noko slikt, men han gav full gass og han spelte vel i over tre timar! Orsak, Malakoff, men Springsteen er den kjekkaste konserten eg har vore på!

Sigmund Larsen - AVREISE: Klare for avreise frå Nordfjord førre fredag. - Foto: privat /

AVREISE: Klare for avreise frå Nordfjord førre fredag.

Foto: privat

Dei starta fredag for ei og ei halv veke sidan frå Lefdal i Nordfjord, og tok den siste sjarmøretappen inn til Bergen måndag.

– Me pleia blemmene i to dagar før me tok den siste etappen, og på konserten tenkte eg ikkje på dei eitt einaste sekund! So fenomenalt moro var det på konserten!

– Men kor lenge skal dykk halda på med denne roinga?

– Me er ikkje pensjonistar enno, men kanskje når me blir det, smiler ho.

Bruce Springsteen på Koengen i Bergen (2012) - MED BAND: Bruce Springsteen & The E Street Band. - Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

MED BAND: Bruce Springsteen & The E Street Band.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vil gjera det fleire gonger

Ho håpar Springsteen kjem att snart, for då er ho klar på kva dei skal gjera.

– Då trur eg at me ror til den også.

No skal dei ro opp att til Nordfjord, men dei har berre tre dagar før dei må vera heime att, so det kan vera dei må juksa litt på heimvegen.

Det er mogleg at me låner med oss ein liten påhengsmotor med fire hestekrefter.

I kveld spelar Springsteen konsert nummer to i Bergen.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.