Hopp til innhold

– Sommaren har vore eit mareritt

Sommarferien er høgsesong for dei som får inn hundar og kattar som treng ein ny heim. Leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane kallar situasjonen for eit mareritt.

Bettina Astor

TA ANSVAR: Leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Bettina Astor, har fullt opp av heimlause dyr heime hjå seg sjølv. Ho ber dyreeigarane om å ta ansvar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Sommaren har vist seg å vere det vi har frykta heile året, eit nytt mareritt. Vi har gjort mykje førebyggande utan å sjå noko effekt av det, seier leiar for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Bettina Astor.

Kunne vore unngått

For mange dyr, spesielt kattar, kombinert med at eigarar ikkje planlegg godt nok før ferien, fører til at Dyrebeskyttelsen møter mange tragiske skjebnar.

– Vi har fullt over alt, men vi kan ikkje la dei gå på gata. Difor er det naudsynt å strekke grensene, sjølv har eg fleire kattar enn eg burde ha hatt. Det er for mange dyr i omløp, fortel Astor.

Astor seier mange av desse skjebnane kunne vore unngått.

– Ikkje slepp kattungen ut aleine før han er eit år, kattane har nemleg ikkje retningssans før det. Så skal dei vaksinerast når dei er tre månader, kastrerast når dei er seks månader og id-merkast. Dette er enkle reglar for å gje katten eit godt og langt liv, fortel ho.

Kvir seg til resten av sommaren

Dyrebeskyttelsen ventar seg stor pågang også utover hausten.

– Eg kvir meg til resten av sommaren. Vi klare ikkje å ta alt som kjem inn, vi har rett og slett ikkje kapasitet. Konsekvensane er at det er nokre dyr vi ikkje kan hjelpe. Det er mykje egoisme ut og går, seier Astor.

Overlèt du katten til seg sjølv i ferien bryt du dyrevelferdslova og då kan du vente deg sviande bøter på opp til 17 000 kroner. Lova seier at alle dyr skal ha tilsyn minst ein gong i døgeret. Astor håpar at dette kan bidra til at færre reiser frå dyra sine.

– Det har ei preventiv verknad. Dei færrast ønskjer 17 000 kroner i bot, for å ha spart pengar på å la hunden vere heime aleine heller enn på pensjonat, fortel ho.

Skjuler at dei har reist frå dyra sine

Førde Veterinærklinikk har stor pågang i sommarmånadane. Veterinær Irene Nergård har også inntrykk av at det er mange som reiser frå katten sin, og tenkjer at det går heilt fint.

– Det er mange som reiser vekk utan å finne pass til kjæledyret sitt. Det er veldig viktig at katten får minimum eit besøk om dagen. Slik at nokon passar på at den har både mat og drikke seier ho.

Veterinæren har inntrykk av at nokre prøvar å skjule at dei har reist vekk.

– Vi har nokre som kjem innom her og seier at katten har vore vekke ei stund, men i realiteten er det eigaren som har reist sin veg, fortel Nergård.

Hund på veterinærkontor

MANGE PASIENTAR: Veterinær Irene Nergård har nok å gjere i dei hektiske sommarmånadane på Førde Veterinærklinikk.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK