Hopp til innhold

– Sogn og Fjordane-modellen skaper ikkje ro

Helseministeren tek feil om han trur han får ro og fred gjennom å fjerne kirurgi og akuttilbod frå lokalsjukehusa, seier sjefen for legevakta i Nordfjord, Bent Ingebrigtsen.

Bent Ingebrigtsen

– HØIE TEK FEIL: Bent Ingebrigtsen, sjef for legevakta i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I dag vert Nasjonal Helseplan lagt fram. Helseminister Bent Høie meiner den såkalla Sogn og Fjordane-modellen, utan akuttkirurgi, har skapt ro rundt lokalsjukehusa etter generasjonar med krangel.

Men Høie tek grundig feil, seier Ingebrigtsen.

– Her talar Høie mot betre vitande. Folk er såpass vakne at dei skjønar at dette ikkje er framtidig god helseteneste i distrikts-Norge.

Høie takkar dei raud-grøne

Denne veka besøkte helseminister Bent Høie Nordfjord sjukehus, som vart peika ut som pilot av den forrige regjeringa.

– Eg synest det er kjekt at eg kan takke den raud-grøne regjeringa for å ha sett i gang eit prosjekt som har bidrege til at vi har funne ei løysing i den nasjonale helse- og sjukehusplanen for korleis vi skal ta vare på dei mindre sjukehusa i Norge.

Helseminister Bent Høie (H) vitja Nordfjord sjukehus

HØIE PÅ BESØK: Denne veka var helseminister Bent Høie (H) på Nordfjord sjukehus for å sjå og høyre om erfaringane der.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

For i planen som blir lagd fram i dag vil det kome store endringar i akuttfunksjonane til dei minste sjukehusa. Høie meiner tilfellet Nordfjord viser at ein i staden for bråk kan forvente ro kring sjukehusa.

– Det som vi har sett i Sogn og Fjordane er at det har vore strid om sjukehusa i generasjonar. Men no er det endeleg ro.

– Ro berre på overflata

Men legevaktsjefen i Nordfjord er ikkje samd. Bent Ingebrigtsen er også fastlege i Hornindal, og meiner Nordfjord sjukehus ikkje lenger er eit ordentleg sjukehus.

– Mykje av roa som er i Nordfjord er ei ro på overflata. Om dette også skal gjelde for dei andre lokalsjukehusa er denne reforma ikkje bra.

Bent Ingebrigtsen fryktar at det nærmaste nabosjukehuset, Volda, no vil miste funksjonar.

– Då er det slik at mange av akuttilboda folk i Nordfjord har, blir sterkt reduserte. Og det same vil gjelde mange andre stader i landet. Og då får vi det eg vil kalle ei dårleg framtid for norsk helsevesen.

Jon Sverre Arnestad

– GOD ERFARING: Overlege Jon Sverre Arnestad ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Har gjort det rette

Men på Nordfjord sjukehus får helseministeren støtte. Overlege Jon Sverre Arnestad meiner framtidas lokalsjukehus ikkje er så mykje å frykte.

– Vi må seie at vår erfaring med omlegginga er ganske god.

– Har folk teke heilt feil i motstanden mot det som har skjedd?

– Nei, eg skal ikkje karakterisere det slik, men verda har forandra seg, det kirurgiske faget har endra seg, vi har arbeidstidsordningar og mange omsyn å ta. Vi må ha tilstrekkeleg kvalitet og robustheit for dei avdelingane som skal drive med kriurgi.

– Eg meiner at her i fylket har dei gjort det rett ved å sentralisere generell kirurgi til ein stad og ha indremedisinsk beredskap på dei minste sjukehusa.