Hopp til innhold

Kallar Hemsedal-konklusjonen for eit uærleg partsinnlegg

VOSS (NRK): Harald Victor Hove kjempar for vegen som ikkje vart valt. No rasar han mot Statens vegvesen.

Kallar Vegesenet uærlege

SKULDINGAR: Etter at Vegvesenet for andre gong konkluderer med Hemsedalsfjellet som beste aust-vest veg, skuldar dagleg leiar i Hardangerviddatunnelane, Harald Victor Hove, Vegvesenet for å vere uærlege.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Konklusjonen skortar på bestillinga frå statsråden om regionale effektar. Samtidig har Vegvesenet summert opp nokre tal som i mi bok endar i daudt løp på samfunnsøkonomisk nytte. Likevel konkluderer Vegvesenet med Hemsedal. Dette blir å rekne som eit partsinnlegg frå nokon som har anbefalt riksveg 52 tidlegare, og som ikkje greier å samanstille eit godt fagleg grunnlag for den politiske debatten som ligg føre oss, seier Hove, som er dagleg leiar i Hardangerviddatunnelane.

Du seier at Statens vegvesen har levert eit partsinnlegg?

– Det er vanskeleg å sjå at det er ei kopling mellom talstorleiken dei presenterer og den konklusjonen dei presenterer. Der tolkar dei, og endar opp med ein konklusjon som er meir basert på noko dei meiner enn kva dei kan grunngje fagleg.

Statens vegvesen la i dag fram ei KVU-utgreiing som konkluderer med Hemsedalsfjellet som beste hovudveg aust-vest.

Statens vegvesen la i dag fram ei KVU-utgreiing som konkluderer med Hemsedalsfjellet som beste hovudveg aust-vest.

VEGEN SKAL GÅ OVER HEMSEDALFJELLET: Vegvesenet har konkludert med at riksveg 52 over Hemsedalfjellet er den beste vegen mellom aust og vest.

Tolkar

– Det svakaste punktet er samfunnsøkonomisk nytte. At det er store skilnader mellom Rv. 7 og Rv. 52. Dei seier at dei regionale effektane er vanskeleg å tolke, og vel å sjå vekk frå konklusjonen til Aslak Viak som seier at Rv. 7 er best. I tillegg er det dei to skuggeprosjekta Hordalandsdiagonalen og kryssing av Sognefjorden som ikkje er rekna på, men som samstundes er føresett skal konkluderast saman med Rv. 52.

– Vegvesenet tolkar, og endar opp med ein konklusjon på noko dei meiner, ikkje kva dei kan grunngje fagleg. Hadde dette vore ein ærleg rapport hadde dei sagt at dette er ein 50/50-innstilling, seier Hove.

– Sikrare enn nokon gong

Prosjektleiar Morten Ask avviser kritikken frå Hove og seier utsegnene må stå for hans eiga rekning.

– Vi har forståing for at Hove er skuffa over at konklusjonen ikkje gagnar hans interesser. Vi har gjort ei fagleg utgreiing som vi gjorde i aust-vest utgreiinga. I og med at det omhandlar same vegnettet er det ikkje overraskande at resultatet blir likt. Dette er ein KVU som har gått enda djupare inn i detaljane.

– Slik sett er vi enda meir sikre på at riksveg 52 over Hemsedal er det beste alternativet, enn kva vi var førre gong, seier Ask.