Hopp til innhold

– På grensa til ei fallitterklæring

– For Hyllestad er dette eit skuffande statsbudsjett, seier nyvalt ordførar Morten Askvik (Sp).

Morten Askvik

SKUFFA: Morten Askvik i Hyllestad ser ikkje positivt på regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kommunane i Sogn og Fjordane kjem dårleg ut i staten sitt framlegg til statsbudsjett. Og Hyllestad er heilt på botn. Kommunen har ein mindre vekst enn den forventa pris- og lønsveksten. Dermed må kommunen vente seg mindre inntekter neste år.

Det er på grensa til ei fallitterklæring med tanke på inntektssystema i kommunane. Alt går på per hovud i staden for å sjå kva som er dei reelle kostnadane. Det tykkjer eg er problematisk, seier ordførar Morten Askvik for Senterpartiet.

For talet på innbyggjarar spelar ei rolle. Martin Kulild hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forklarar at for små kommunar har også alderssamansettinga mykje å seie. og i Hyllestad er det mykje eldre i forhold til unge.

Krevjande å finne balansen

– Det vert vanskeleg for oss å levere dei tenestene som vi ønskjer. Og ikkje minst blir det vanskeleg å følgje opp dei føringane som ligg i statsbudsjettet, seier Askvik.

Askvik seier at Hyllestad no må vere flinkare til å få enda meir ut av dei summane dei får.

– Det skal vi få til på best mogleg måte. Men det som er spesielt med Hyllestad er at administrasjonen og styringa er veldig straumlineforma. Slik at all nedgang hjå oss kan ikkje bli teke på struktur, men på tenester. Så det vert hardt og krevjande framover for å finne den rette balansen, seier han.

Ikkje sjokka

Askvik meiner det vert for tidleg å seie kva dette betyr for innbyggjarane i kommunen.

– Men det gjer det i alle fall i lettare å sy saman budsjettet vårt slik vi ønskjer. Og det Hyllestad treng er eit budsjett for vekst, medan regjeringa legg opp til det heilt motsette.

Den ferske ordføraren er likevel ikkje sjokka, og meiner signala på førehand gjekk i denne retninga.

– Eg hadde likevel eit håp om at det skulle bli betre på ein del andre område som kunne kompensere for det, og så langt har eg ikkje klart å sjå det, seier Askvik.

.