Hopp til innhold

– Norsk vegpolitikk i eit nøtteskal

– Det er ei fallitterklæring dersom vegen mellom Innvik og Olden ikkje blir ferdig utbetra, seier vegforkjempar og hotelldirektør Richard Grov.

Vegen Olden-Innvik

IKKJE FERDIG UTBETRA: Det blir ofte kø på den smale vegen mellom Olden og Innvik i Stryn. Vegen er under utbetring, men no ser det ut til at siste parsellen må vente. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Richard Grov

Hotelldirektør Richard Grov er ikkje nøgd med at fylkesveg 60 kanskje må vente lenge på å bli ferdig utbetra.

I fylkesrådmannen sitt fram til regional transportplan er det ikkje funne pengar til store investeringsprosjekt dei neste ti åra. Fylket vil få 180 millionar mindre til veg i 2014 enn i år og dette vil ramme fleire vegar.

– Rett inn på krøttersti

Det går mellom anna utover fylkesveg 60 det står att å utbetre fem kilometer av det som har blitt kåra til Norges verste veg. Grov som er hotelldirektør ved Alexandra i Loen, tykkjer det er trist om vegen ikkje blir fullført.

– Det kan hende at dette er norsk vegpolitikk i eit nøtteskal. Her får du gul midtstripe nærast inn i ein fjellvegg. Du køyrer på god veg rett inn på ein krøttersti. Alle kan tenkje seg kva utfordringar det gir.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er så lite pengar til vegane i Sogn og Fjordane at forfallet kjem til å auke dei komande åra. 
Kystvegen og ferdigstilling av Olden - Innvik er to av vegprosjekta som no er heilt i det blå

SJÅ TV-SAKA: For lite pengar til vedlikehald av fylkesvegane.

– Frykteleg trist

Det har blitt gjort fleire utbetringa på vegen siste åra. Når delen det no blir jobba med er ferdig, står det att om lag kilometer mellom Ugla og Skarstein som er kostnadsrekna til 300 millionar kroner.

– Alle investeringar i infrastruktur er viktig. Skulle dette framlegget bli det endelege resultatet, er det frykteleg trist og ei fallitterklæring, seier han.

Hotelldirektøren legg også vekt på at det er dyrt å pakke vekk alt utstyret som er i bruk no.

– Å starte opp att kostar ekstra og på den måten byggjer ein mindre veg for dei pengane ein har totalt.

Meiner det ikkje kan bli ståande

Grov trur ikkje framlegget til fylkesrådmannen blir ståande. Han skal kjempe for pengar til å få vegen ferdig utbetra.

– Dette forslaget kan ikkje bli ståande. Utfordringane er store og vi har stort etterslep på vedlikehald. Det er også andre store vegprosjekt som må komme i posisjon til å få pengar. Eg kjem til å gi klar beskjed om at dette ikkje er akseptabelt og vi må ha ein diskusjon om korleis pengane blir brukte.

– Men kvar skal dei manglande pengane komme frå?

– Vi har eit land som er rikt og har stor produksjon. Det å investere betyr at vi har tru på framtida. Sluttar vi å investere, signaliserer ein at ein ikkje har tru på framtida. Difor kan ikkje dette bli ståande.

Hovudutvalet for samferdsle handsamar forslaget til Regional transportplan 18. juni, før fylkesutvalet gjer vedtak om høyring 26. juni. Fylkestinget skal vedta endeleg Regional transportplan i desember 2013.