Hopp til innhold

– Kystvegen bør gå om Terøy

Kystvegen bør gå i det ytre alternativet med veg over Terøy. Det vart formannskapspolitikarane i Flora og Vågsøy samde om tysdag ettermiddag.

Møte om Kystvegen

TO ER SAMDE, DEN TREDJE VENTAR: Formannskapa i Vågsøy og Flora er på linje i valet av kystvegløysing, medan Bremanger vil sove på det.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dette er spesielt viktig for Flora kommune, men det går imot Vegvesenet sitt råd om å la vegen gå i indre trase til Grov.

Tilrådinga var ikkje samrøystes for Vågsøy sin del. Eit fleirtal på seks gjekk inn for det ytre alternativet, medan tre (to frå Sp og ein frå Frp) røysta for veg om Grov. I Flora formannskap gjekk alle medlemmene inn for Terøy-alternativet.

Bremanger formannskap vil vente til onsdag med å ta stilling til dei to kystvegløysingane.

Svelgen-Indrehus først

Formannskapa i Flora og Vågsøy er samde om å først prioritere Svelgen-Indrehus og brukryssing i ytre Nordfjord. Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) seier at Vågsøy-delegasjonen har fått meir og meir sans for Terøy-alternativet.

– Fleire sa at i løpet av dagen har dei fått fleire gode argument for Terøy som dei ikkje hadde før. Difor var det ikkje så vanskeleg å bli samde om at vi støtta tilrådinga frå rådmannen, som var i samsvar med tilrådinga frå Kystvegen Måløy-Florø.

Ho håpar at det også i kommunestyremøtet torsdag blir fleirtal for Terøy-alternativet.

Kristin Maurstad og Ola Teigen

SAMDE OM VEGVALET: Ordførarane Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy og Ola Teigen (Ap) i Flora.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Ein kjempedag

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) seier det er greitt å vente med vegløysinga over Terøy.

– Eg er frykteleg glad for at Vågsøy har støtta oss så heilhjarta i det vegprosjektet som har vore svært viktig for Flora-politikarane. Det har vore ein kjempedag, og det er god stemning i Flora-leiren i dag.

– Men kvifor er de viljuge til å vente med veg over Terøy og la Svelgen-Indrehus og bru over ytre Nordfjorden kome først?

– Vi meiner dette er eit godt kompromiss. Skal vi korte ned strekninga mellom Florø og Måløy må vi starte med dei prosjekta som kortar det mest mogeleg ned. Tunnel Svelgen-Indrehus kortar reisetida ned med ti minutt, og bru over Nordfjorden vil verkeleg revolusjonere samferdsla mellom kystkommunane.

Møte om Kystvegen

VIL VENTE: Bremanger formannskap tok ikkje stilling til vegvalet tysdag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Audun Åge Røys

– GODT UTGANGSPUNKT: Ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Langt på veg

Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) vedgår at det er delte meiningar mellom politikarane i hans kommune, og at dei har valt å vente til onsdag med å ta stilling til vegvalet.

– Vi er no samde om ein ting, og det er at Svelgen-Indrehus må stå først, og det synest eg er eit veldig godt utgangspunkt. Om vi då kan lande Nordfjord-kryssing som nummer to er vi langt på veg.

– Blir Stårheim-Isane eit eige punkt i morgon?

– Det er mogeleg. Vegvesenet seier noko om det i si utgreiing, så det kan godt hende at vi tek det med.