Hopp til innhold

– Kommersialisering er eit negativt kinderegg

At Høgre vurderer å droppe kommersialisering av flytrafikken til Florø, blir møtt med jubel hjå enkelte næringsdrivande i byen.

Fryktar kommersialisering

FRYKTAR KOMMERSIALISERING: Leif Gunnar Belsvik, dagleg leiar for Nortekstil i Florø, seier dei har vurdert å flytte hovudkontoret på grunn av det dårlege flytilbodet.

Foto: Kyrre Lien/SCANPIX, Nortekstil / Montasje

– Slik kommersialisering verkar, så blir rutetilbodet redusert og prisen aukar kraftig. Det er nesten som eit negativt kinderegg. At Høgre no vil snu er kjempebra nyheiter for næringslivet, seier Leif Gunnar Belsvik.

Han er dagleg leiar i den nasjonale vaskerikjeda Nortekstil, som har hovudkontor i Florø.

Vurderer å flytte hovudkontoret

Frå 1. april neste år skal etter planen alle flyrutene på Florø lufthamn konkurranseutsetjast. Det får konsekvensar i form av auka maksprisar og redusert tilbod, fordi trafikken på flyplassen har gått kraftig ned.

Belsvik seier Nortekstil har vurdert å flytte hovudkontoret, på grunn av det dårlege flytilbodet.

– Når prisane er så høge og tilbodet i tillegg går ned, så må vi vurdere om det er hensiktsmessig. No skal det mykje til at vi gjer det, men dette gjeld ikkje berre oss. Det gjeld mange andre verksemder som har behov for eit oppegåande flytilbod, seier Belsvik.

– Når vi bur så grisgrendt er avhengige å kome oss raskt hit og dit. Eg ser med uro på flyplasstilbodet, ikkje berre i Florø, men i heile fylket. Det må vere eit politisk mål for Sogn og Fjordane å få ned prisane og at vi får eit rutetilbod vi kan leve med, seier han.

– EØS-regelverket bestemmer

Frank Willy Djuvik (Frp) har vore ein av forkjemparane for kommersialisering. Han trur det vil føre til betre tilbod og lågare prisar, ikkje omvendt, når konkurrerande flyselskap får høve til å kjempe om dei same kundane.

At Høgre no har snudd i saka tek han med fatning.

Frank Willy Djuvik

– BERRE EITT ALTERNATIV: Frank Willy Djuvik trur EØS-reglar vil hindre at kommersialiseringa i Florø vert stoppa.

– Eg har ikkje fått med meg at Høgre vil melde Norge ut av EØS, seier han spøkefullt. Før han følgjer opp:

– For det er den moglegheita dei har, viss dei vil få stoppa kommersialiseringa.

Det han peikar på er reglar som seier at rutekjøp på anbod berre kan tillatast, dersom det kan dokumenterast at subsidiering må til for å halde oppe eit minimumstilbod. Han er ikkje redd for å vere i utakt med næringslivet, nettopp fordi han meiner det berre er eit alternativ å velje mellom.

– Det er verken eg, Høgre eller regjeringa som bestemmer om det skal vere anbod i Florø eller ikkje, det er det EØS-regelverket som gjer, seier Djuvik.