Hopp til innhold

– Jentene må ta ansvar og vere tydlege på at dei ikkje vil ha sex

Sexolog Margrete Wiede Aasland seier jentene ikkje kan gni og gnukke på gutane, og så seie nei til å ha sex. – Jentene må ta ansvar og skjerpe seg, seier ho.

Sexolog Margrete Wiede Aasland om russevaldtekter

JENTE-BESKJED: Sexolog Margrete Wiede Aasland er nedslått over alle valdtektssakene i russetida, men meiner likevel at mange jenter må vere tydlege på at dei ikkje vil ha sex.

Hittil har russetida vore prega av tre valdtektssaker. I Førde er ein russ (20) sikta for ei mogleg valdtekt av ei jente (17) på ein russefest natt til onsdag. I Oslo er tre gutar sikta for valdtekt på Tryvann. I Ålesund jaktar politiet på ein mogleg valdtekstmann etter ein russefest.

Sexolog Margrete Wiede Aasland forsvarer ikkje valdtekter, men seier jentene også må oppføre seg og vere tydlege på at dei ikkje vil ha sex.

– Eg forstår ofte at gutane blir forvirra

– Ein kan ikkje gni og gnukke på penisen til guten, og så meine at ein ikkje vil ha sex. Jenter som ikkje vil ha sex må oppføre seg på ein måte som viser at dei ikkje vil ha sex, seier Wiede Aasland.

Ho er dagleg leiar ved Institutt for klinisk sexologi og terapi i Oslo, og underviser også lærarstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Wiede Aasland har gjennom jobben hatt terapisamtalar med både dei som blir skulda for valdtekt og dei som blir utsette for det. Ho seier jentene ofte gjer gutane svært usikre:

– Eg forstår at gutane av og til blir forvirra. Det er ofte svært vanskeleg å oppfatte jentene sine signal, og det er ofte ikkje så lett å forstå at jentene ikkje har lyst til å ha sex. Jentene må bli meir tydlege og skjerpe seg, seier sexologen til NRK.no.

NETT-TV: Mogleg russevaldtekt i Førde

Video b43f1f5b-f00a-4bbe-924d-60b0a416e547.png

NETT-TV: Mogleg russevaldtekt på Festplassen i Førde natt til onsdag 4. mai.

Wiede Aasland seier det er greitt å trekkje seg i siste liten, men ho viser endå ein gong til at jentene må vere tydlege.

– Ein kan ikkje runke ein gut, og ligge og kline med han, og samstundes tru at ein ikkje sender ut signal om at ein vil ha sex. Då må ein i så fall sei at ein berre vil kline og kose, seier Wiede Aasland.

Ho er likevel nedslått over at russ nyleg har vore innblanda i fleire valdtektssaker.

– Ein skal kose seg, hygge seg og vite at begge vil når ein skal ha sex. Det er mykje sex og alkohol i russetida, men det betyr likevel ikkje at ein skal ha samleie sjølv om ein kliner og koser litt, seier ho.

Russ: – Gutar blir ofte nærgåande

Raudruss Lena Byrkjeland (19) ved Firda Vidaregåande skule på Sandane meiner at enkelte gutar kan bli vel nærgåande, spesielt når dei fulle. Men ho har eit fast knep ho brukar dersom ho ikkje er intressert i guten som prøvar seg.

– Då ignorerer eg han fullstendig, og latar som eg ikkje høyrer han. Det kan vere ekstra vanskeleg å seie nei visst det er ein gut ein kjenner godt. Ein kan fort føle at det kan øydeleggje vennskapet om ein ikkje vil vere med. Men det er viktig å klare å seie nei, seier Byrkjeland.

Vilde Eikeset (19) meiner på si side at det er lett å seie nei:

– For min del er det lett å seie nei, men det er sjølvsagt ulikt frå person til person, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Raudruss Lena Byrkjeland og Vilde Eikeset

NÆRGÅANDE: Raudruss Lena Byrkjeland og Vilde Eikeset ved Firda vgs. seier mange gutar ofte er nærgåande.

Foto: Bård Siem / NRK

Likar ikkje russeknutar

Wiede Aasland meiner alle russeknutane ikkje er positive. Ho meiner mange av knutane kan føre til sexpress.

På mange skular får russen knutar om ein har hatt sex med ti forskjellige personar i russetida, ha sex på skulen, ha sex med ei jente som har menstruasjon og dersom ein har sex med russepresidenten.

– Desse knutereglane er ganske jævlige visst eg kan få bruke det ordet. Gruppepresset blir veldig stort med slike knutereglar. Eg trur det er veldig mange som kjem til å angre i august, seier sexologen.