Hopp til innhold

Politiet meiner å ha funne brannårsaka etter bustadbrann i Årdal

Politiet i Årdal ventar på etterforskarar som skal undersøkje branntomta i Årdal.

Branntomt i Årdal

TOTALSKADD: Ei av leilegheitene vart totalskadde i brannen. Seks personar vart evakuerte.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Vi driv med taktiske og tekniske undersøkingar, og vi avhøyrer folk. Vi ventar også på at spesialistar på å undersøke branntomta kjem til staden, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Rask respons

Måndag kveld gjekk alarmen om brann klokka 22.28 om at eit burettslag i Øvre Årdal stod i brann. Fem minutt etter, klokka 22.33 var første kommandobil på staden, og eitt minutt etter var alle bebuarane evakuerte.

– Nokon har jobba veldig godt, og dette viser kor viktig det er med nærleik, seier Knudsen.

I føremiddag har det vore møte i kriseleiinga i Årdal der hovudmålet var å finne mellombelse løysingar for dei som blant anna treng tak over hovudet etter at den eine leilegheita vart totalskadd i brannen.

– Har ein idé om brannårsaka

Politiet meiner dei har oversikt over kva som kan ha starta brannen.

– Vi har det, men vi vil gjerne kvalitetssikre det med dei tekniske undersøkingane vi skal gjere før vi går ut med noko.

Knudsen seier det er viktig for bebuarane i burettslaget å får eit svar.

– Men det er også viktig for dei som bur rundt, seier Knudsen.

Samlar pårørande og redningspersonell

I morgontimane tysdag hadde kriseleiinga i kommunen møte. Kristiane Seim som er leiar for spesialomsorg i Årdal kommune, seier det blir møte med pårørande seinare i dag.

– Vi har invitert pårørande til møte klokka 13 der det vil vere folk frå brann og politi til stades. Dette gjer vi for å få gitt nødvendig informasjon og klarlegge vidare behov også når det gjeld oppfølging.