Hopp til innhold

Difor vil Stig Olav ha sunnmøringane sørover

Ei samanslåing med sunnmørskommunar er framtidsretta for Sogn og Fjordane. Det meiner Hornindal-ordføraren som peikar på den komande regionreforma.

Stig Olav Lødemel

VIKTIG: Stig Olav Lødemel trur mange på søre Sunnmøre er interesserte i å bli del av ein Vestlandsregion.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stig Olav Lødemel (H) er lei av at kommunen blir kritisert for å sjå på tvers av fylkesgrensa i den pågåande kommunereforma.

Kommunen har skrive ei intensjonsavtale om samanslåing med Stryn, men held også døra open for frieriet frå Volda og Ørsta.

At honndølane vurderer sunnmøringane meiner Lødemel er framtidsretta.

– Eg er blant dei som har teke til orde for at det er avgjerande å få med seg Sunnmøre mot Vestlandet, mot Bergen for å seie det slik, seier Lødemel.

– Ein styrke for fylket

At kommunekartet blir teikna på nytt er kjent for lengst, no kjem også regionreforma i full fart (sjå faktaboks).

Med den som kulissar meiner Hornindal-ordføraren at ei mogleg samanslåing med kommunar på Sunnmøre ikkje er negativt.

– Om vi blir samde om ei ny kommune på tvers av dagens fylkesgrense, så vil det forundre meg om dei kan drage opp ei ny regiongrense gjennom den nye kommunen om eit års tid, seier han.

– Kvifor er det avgjerande å få med seg Sunnmøre sørover?

– Sunnmøre er sterke på mykje som vi er mindre sterke på. I tillegg seier dei sjølve at dei har lyst, og dei kallar seg vestlendingar.

– Vil det vere ein styrke for Sogn og Fjordane å få med seg søre Sunnmøre?

– Utan tvil, konstaterer Hornindal-ordføraren.

– Heilt uaktuelt

I løpet av våren kjem ei stortingsmelding om fylkeskommunane og behovet for større regionar. Ein Vestlandsregion vert allereie diskutert.

Men Lødemel sine tankar om Sunnmøre sørover møter motbør. Spesielt frå ein mann i Møre og Romsdal som hegnar om sitt, fylkesordførar Jon Aasen.

– Eg føler det vil vere heilt uaktuelt. Vi greier oss utmerka godt sjølv, seier han.

– Det må han få meine, men eg trur ikkje det er han som bestemmer åleine, kontrar Lødemel.

Ser fordelar for sunnmøringane

Det har han rett i. Forgjengaren hans, no stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), signaliserte denne veka at regionreforma vil bli meir styrt enn kommunereforma.

– Den kjem til å gå tøffare og kjappare enn kommunereforma. Her blir det meir offentlege styresmakter som styrer, sa Lødemel.

Han meiner deler av Møre og Romsdal vil ha store fordelar av å bli med i ein eventuell Vestlandsregion.

– Om ein får til ein Vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og kanskje også Rogaland, vil delar av Møre og Romsdal heilt klart sjå moglegheiter ved å vere tilknytt denne.

Meiner dei er store nok allereie

Stortingsrepresentanten oppmodar fylka til å ta tak i regionreforma, men Jon Aasen meiner det er altfor tidleg, all den tid dei ventar på stortingsmeldinga.

Aasen seier han skal ta diskusjonen om det viser seg at Møre og Romsdal er for små åleine, men det tvilar han på.

– Skal vi forsvare ein så stor region må vi ha vesentleg større oppgåver enn i dag, og dei oppgåvene ser eg ikkje konturane av.

Å utvide eige fylke har han derimot ikkje noko imot.

– Om Hornindal og eventuelt Stryn ønskjer å bli del av Møre og Romsdal, seier eg hjarteleg velkommen.

– Interessant

Ordførar i Hareid, og leiar av Sunnmøre regionråd, Anders Riise, vil som Aasen nødig splitte Møre og Romsdal fylke. Men å sjå sørover er absolutt interessant.

– Eg tur faktisk sunnmøringane er villige til å sjå sørover viss det blir lagt føringar for at Møre og Romsdal ikkje eksisterer som eige fylke i framtida.