Hopp til innhold

– Framtida ser lys ut

SANDANE (NRK): Over 40 unge alpinistar i alderen 11–16 år deltok i helga på den siste barmarkssamlinga for sesongen i Sandane i helga.

Alpint-samling Sandane

ENGASJERT: Sjekk ut videoen av alle dei knallharde øvingane Even Hole sende ungdomane gjennom under barmarkssamlinga.

– Framtida ser veldig lys ut. Rekrutteringa har vore veldig god dei siste åra, seier kretstrenar i alpint, Even Hole.

Den tidlegare toppalpinisten og landslagstrenaren har denne helga leia an treninga for dei unge håpefull i Trivselshagen i Sandane.

Beinhard avslutning

Even Hole

ENGASJERT: Even Hole gjekk engasjert rundt og følgde med på sirkeltreningane. Ingen fekk sluntre unna.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Under samlinga har deltakarane fått prøve seg på blant anna turn og klatring, men den store styrkeprøven kom som siste del laurdags ettermiddag.

Då var det duka for sirkeltrening, med ti forskjellige stasjonar (sjå video).

– Då køyrer vi 30 sekund på kvar stasjon. Eg blåser i fløyta når det er pause og når vi skal begynne igjen, sa Hole, medan deltakarane gjorde seg klare.

På dei forskjellige stasjonane vart dei unge deltakarane meir og meir sveitte, og grimasane vart styggare og styggare jo lengre inn i treninga dei kom.

– I alpint er det viktig å ha god styrke, kondisjon, koordinasjon og bevegelegheit. Dette er beintøft, men det er noko som må gjerast, seier Hole.

Emma Åsebø
Foto: Thomas Brakstad / NRK

Hyller fylkeskommunen

Hole hadde førebudd eit variert opplegg for dei unge håpefulle.

– Trivselshagen her på Sandane er heilt optimalt for denne typen trening. Dei pengane fylkeskommunen har investert i anlegget er vel brukt og det er veldig godt tilrettelagt her, seier Hole.

For i tillegg til dei store hallane som vart nytta til sirkeltreninga, er det også tilgang på klatrevegg og turnrom der mange av basisferdigheitane kan utviklast.

God tilrettelegging

Hole har tidlegare vore landslagstrenar for det norske kvinnelaget i alpint. No er det dei unge håpefulle som nyt godt av hans kompetanse.

Er det stor forskjell på å trene dei på toppnivå og desse som er 11–16 år gamle?

– Som trenar på toppnivå ser ein fort kva basisferdigheiter som manglar. No har eg moglegheita til å utvikle alpinistar frå ung alder sånn at dei er best mogleg førebudde på toppidrettsnivå, svarar Hole.

Alpint-samling Sandane

GLAD GJENG: Dei over 40 deltakarane på samlinga var i godt humør i turn-rommet. Kvart fall før sirkeltreninga starta ...

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Nøgde deltakarar

Då Hole avslutta fjerde og siste runde av sirkeltreningsløypa låg dei fleste av deltakarane strødd rundt i gymsalen – totalt utmatta.

– Det var ei tøff trening, men det må gjerast før sesongen startar, seier 15 år gamle Emma Åsebø etter enda økt.

Ho er ein av dei mest lovande unge alpinistane i fylket, og førre sesong vant ho blant anna Super G i Canada og noterte seg for topplasseringar i hovudlandsrennet.

– Even er ein veldig dyktig trenar og sjølv om det er deltakarar her som er nede i 10-års alderen klarar han å halde eit høgt nivå på treningane, seier Åsebø.