Hopp til innhold

– Viktig at unge fotballtalent tek utdanning

– Det er viktig at unge fotballtalent også tek utdanning på sida av fotballivet, seier Eirik Bakke.

Eirik Bakke

VIKTIG MED BEGGE DELER: Eirik Bakke i Sogndal Fotball oppmodar fotballspelarar om å satse på utdanning ved sida av.

Foto: Arve Uglum / NRK

Eirik Bakke er tidlegare fotballproff og no ein del av trenarapparatet i Sogndal. Sjølv klarte han å skape seg ei fotballkarriere utan å ei utdanning å falle tilbake på.

– For min eigen del fokuserte eg mest på fotballen for 20 år sidan. I dag er grunnideen i Sogndal at vi meiner spelarane må ha noko anna å ta seg til ved sida av fotballen. Ein del av spelarane får bonusar om dei tek studium utanom, seier han.

Eit ambisiøst mål

Terje Rognsø

VIL BEHALDE SPELARAR: Florø-trenar Terje Rognsø ønskjer flest mogleg av spelarar med seg mot 2016

Foto: Truls Kleiven / NRK

I Florø er det no ein diskusjon om kor sterkt spelarane må satse for at dei skal kunne nå målet om Adeccoligaen i 2016.

Må ein sette utdanning på vent dersom ein skal nå ny høgder i fotballen? Florø-trenar Terje Rognsø ønskjer å behalde spelarane i kystbyen for å klare målsettinga.

– Vi ønskjer å behalde spelarane i Florø, men dei kan sjølvsagt ta ei form for utdanning her, seier Rognsø.

Viktig å ha noko å falle tilbake på

Tidlegare fotballproff Eirik Bakke seier livet hans bestod av berre fotball, men at han var heldig å få moglegheita i utlandet.

– Men det er klart det er viktig å ha eit alternativ, for plutseleg kan ein bli skadd og ikkje få spele meir. Då er det greitt å ha noko å falle tilbake på.

Bakke forstår korleis dei tenkjer i Florø når dei no vil ha spelarar som satsar på fotballen etter vidaregåande.

– Dei vil jo behalde folk, så det er viktig å tenkje nytt. Men det vi ser i Sogndal, er at det er utruleg viktig at spelarane har noko å gjere utanom fotballen. Her er vi også heldige med at vi har eit unikt studietilbod ved høgskulen, med mange alternativ, seier Bakke.

Vil leggje til rette

Årsaka til debatten som har vore siste dagane er at Florø nettopp har rykka opp til 2. divisjon med ein gjeng spelarar som har vore i klubben sidan dei var seks år. Det er ei stor og talentfull gruppe ungdommar der mange er ferdige med vidaregåande skule i år eller neste år.

Florø-trenar Terje Rognsø ønskjer å ha eit tilbod til dei som ikkje er fast bestemte på å reise frå byen.

– Poenget er å ha eit alternativ til det å reise vekk rett etter vidaregåande skule. Vi opplever at spelarar ønskjer det. Skal du satse 100 prosent på fotball og sjå kor langt du kan nå, må du gjere det over lengre tid. Der er noko anna enn å vere fulltidsstudent eller på jobbe på heiltid. Vi ønskjer å leggje til rette for spelarane, så tek dei avgjerda om kva dei gjer, seier Terje Rognsø.

Må kanskje bruke litt lengre tid

Han seier at klubben i mange år har følgt opp spelarane får dei var heilt unge. Dei har samarbeidd tett med skulen og planlagt treningar ut frå prøvar på skulen.

– Vi er veldig gode så langt, men så er vi dårlege etterpå. Det er det den delen vi som klubb må bli betre på. Vi opplever at mange av spelarane ikkje veit etter 13 års skulegang kva dei skal gjere.

– Vil du at dine spelarar skal fokusere mest på fotball og så skal andre ting komme i andre rekkje?

– Det er ikkje at eg vil det, men vi skal leggje ting til rette. Det er viktig å få fram at dette er ei spesiell gruppe spelarar. Dei har prioritert enormt med mykje tid på fotball samstundes som dei har teke tre år med vidaregåande skule. Vi ønskjer ikkje at spelaren ikkje skal ta utdanning, men skal ein satse 100 prosent på fotball, må du gjerne ta vidare utdanning over litt lengre tid.

Trur på ein kombinasjon

Styreleiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrins seier det kan vere lurt å gjere tiltak for å behalde nokre av spelarane lengre, men at både fotballforbundet og fotballkrinsen er opptekne av utdanning.

– Eg meiner at utdanning må komme i første rekkje, samstundes trur eg det går an å kombinerer fotball og skulegang. Og det finst moglegheiter i forhold til utdanning i Florø i dag, som ikkje fanst før.

Florø-spelarane feirar.

FEIRAR OPPRYKK: Florø-spelarane jublar for opprykk til 2. divisjon. No blir dei bedne om å vente med å reise frå Florø for å ta utdanning.

Foto: Truls Kleiven