Hopp til innhold

– For mange sikrar ikkje barnet sitt i bil

Politiet har dei siste to vekene i snitt stoppa ein forelder kvar skuledag med eit usikra barn i bilen. – Eitt tilfelle er eitt for mykje, seier Trond Hatlenes skuffa.

Trond Hatlenes

SKUFFA: Trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes, er skuffa over resultatet av Aksjon skulestart. – Dei som køyrer forbi skular bør vere ekstra påpasselege og merksame, seier han.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han er trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt og har summert opp politikontrollane i samband med Aksjon skulestart. Dette er ein nasjonal trafikkampanje som politiet har dei to første skulevekene kvart år , der målet er å sikre barna ein trygg skuleveg.

Ei førebels oppteljing etter kontrollane i Sogn og Fjordane viser at over 1500 førarar er kontrollerte, og til saman er det gitt 97 reaksjonar.

Av desse er det ti forenkla førelegg til foreldre som har hatt eit usikra barn i bilen. Det er eitt tilfelle kvar skuledag, og ei forverring frå fjoråret, seier Hatlenes.

På same tid i fjor hadde vi også ti reaksjonar, men då hadde vi kontrollert 2000 førarar, så dette er ei utvikling i feil retning, seier han.

Forklarar det med tidsklemma

Det er både småbarn i bilsete og eldre barn som klarer å ta på seg belte sjølv som har blitt stoppa usikra under kontrollane.

Men det er uansett foreldra sitt ansvar at barna er festa i bilbelte, at det er på heile turen og at det ikkje blir teke av til dømes rett før ein kjem til skulen, seier han.

Dei ti som har blitt stoppa i samband med Aksjon skulestart har forklart dei usikra barna med tidsklemma.

– Som oftast er det dårleg tid og stress som gjer at dei har gløymt det. Dei blir då oppmoda om å ta seg den tida det tek å sikre barna, og heller komme litt for seint enn å hamne i ei trafikkulukke med eit skadd barn, seier Hatlenes.

I tillegg fekk 23 førarar eller passasjerar over 15 år gebyr for manglande bilbelte.

Trond Hatlenes

TRYGG SKULEVEG: Målet for Aksjon skuleveg er at borna skal ha ein tryggast mogleg skuleveg. Her er Hatlenes i samband med ein kontroll ved Slåtten skule i Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mykje stygg køyring

I samarbeid med Utrykkingspolitiet har det også vore fleire fartskontrollar ved skulane. Til saman 20 førarar er bøtelagde for høg fart.

– Vi veit at det mange plassar i fylket blir køyrt stygt forbi skulane, seier Hatlenes og nemner Holsen skule i Førde kommune som eit døme.

Hatlenes hadde sjølv kontroll i Øyravegen, i nærleiken av Naustdal skule, tre forskjellige dagar. Her er det forbode for gjennomkøyring i tidsromma 08–09 og 14-15, men det gir mange blaffen i.

– Eg såg heller ikkje noko forbetring dei dagane eg stod der. Det uroar meg at mange foreldre skaper farlege situasjonar på denne måten.

1500 kontrollerte førarar og 97 reaksjonar gir ein reaksjonsprosent på litt over seks prosent. Ifølgje Hatlenes er dette litt meir enn politiet har hatt på sine andre kontrollar så langt i år.

– Det er urovekkjande at det blir gitt fleire reaksjonar forbi ein skule enn andre plassar. Eg synest ein bør vere ekstra merksam og påpasseleg når ein ferdast forbi skular, avsluttar han og seier politiet vil ha oppfølgingskontrollar utover heile skuleåret.