Hopp til innhold

Meiner det blir lagt opp til for mykje jervejakt

Naturvernforbundet skuldar rovviltnemnda på Vestlandet for å ha for dårleg kunnskap, og meiner kvoten på åtte jerv under årets lisensjakt er for høg.

Jerv

OR HØG KVOTE: Ei kvote på åtte jervar på Vestlandet er mykje for høgt, meiner Naturvernforbundet. Dei meiner kvoten burde vore på eit par dyr og at den burde rettast inn mot dei områda der jerven har gjort skade i sommar.

Foto: BBC

– Denne kvoten er sett veldig høgt. Det er truleg meir jerv enn det er streifdyr i området per i dag, seier Arnodd Håpnes som er fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet.

Jerven er eit frykta rovdyr for bøndene, spesielt for dei som driv med sau. Stortinget har bestemt at region 1 Vestlandet skal vere eit beiteprioritert område, men berre i fjor sommar vart det utbetalt over tre millionar kroner i rovvilterstatning til sauebønder i Sogn og Fjordane (sjå faktaboks).

– For mykje på beitenæringa si side

Kvar haust blir det opna for lisensjakt på jerv i regionen, og i år har rovviltnemnda sett kvoten på åtte dyr. Det får Naturvernforbundet til å reagere.

Arnodd Håpnes

FOR HØG KVOTE: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier dei godtek at det blir teke ut jervar, men meiner dette i større grad bør gjerast som skadefelling i område der jerven kjem inn og gjer mykje skade på husdyr og tamrein.

Foto: Jo Straube

– Kvotane i Norge blir generelt sett for høge, og utgjer nesten 35 prosent av den totale bestanden. Åtte dyr i region 1 er for mykje. Det skal ikkje vere rovdyrfritt i denne regionen, det er tillate med streifdyr, argumenterer Håpnes.

Han meiner Norge har eit internasjonalt ansvar fordi vi har ein stor del av den europeiske jervestammen. Håpnes meiner vidare at rovviltnemnda tek part med sauenæringa og skuldar politikarane som sit i rovviltnemnda for å ha for lite kunnskap.

– Dei er for mykje på beitenæringa si side, og er for lite opptekne av å bidra til å sikre rovdyr i norsk natur. Rovviltnemnda bør i større grad styre lisensjakta inn mot beiteområde der det er gjort skade, framfor å skyte mest mogleg jerv i heile regionen.

– Bestandsmålet er oppfylt

Leiar for rovviltnemnda, Høgre-politikar Noralv Distad frå Aurland, avviser at dei har sett kvoten for høgt.

– Kvoten er sett med bakgrunn i registrerte jervar og erfaringstal på kor mange jervar som har vore i område, seier han.

Noralv Distad

AVVISER KRITIKKEN: Noralv Distad, Høgre-politikar i Sogn og Fjordane og leiar av rovviltnemnda i region 1, avviser kritikken frå Naturvernforbundet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han viser til at det går føre seg yngling av jerv i andre regionar, og at ungdyr herfrå også vil trekke inn i region 1, spesielt i Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane har beiteprioritet, og då blir det høve til å felle desse dyra. Bestandsmålet for jerv er oppfylt på landsplan og slik vi veit det er ikkje jervestammen truga.

– Vi har tilstrekkeleg kunnskap

Til Håpnes sin argumentasjon om at streifdyr må vere tillate, seier Distad dette.

– Jervar som er inne i området er potensielle skadegjerarar, og det er naturleg at jerv som er i området i fellingsperioden kan fellast.

Han avviser også påstanden om at dei har for dårleg kunnskap til å fatte avgjerder om kvotane.

– Vi har tilstrekkeleg kunnskap. Vi får gode rapportar og har statistikkar frå tidlegare, og avgjerdene vi har teke har tidlegare vist seg å vere forsvarlege.