Hopp til innhold

Mange turistar utset seg sjølv for livsfare for å ta bilete nær breane

– Det er berre flaks at det ikkje skjer alvorlege ulukker på isbreane oftare, seier breførar Gjert Grødal. Mange, og då spesielt utanlandske turistar, respekterer ikkje sperringane og fareskilt ved breane.

Publikum trassar stoppskilta ved Nigardsbreen

BRYR SEG IKKJE OM FARESKILTA: Mange turistar, og då spesielt utanlandske turistar, bryr seg ikkje om fareskilta og sperringane rundt breane. Slik har det vore lenge, dette bilete er frå Nigardsbreen i 2010.

Foto: Atle Barsnes

Søndag ettermiddag omkom eit tysk foreldrepar i 30-åra då dei vart trefte av isblokker under Nigardsbreen i Luster i Sogn og Fjordane. Dei to barna deira var vitne til den tragiske ulukka. Dei stod like ved breporten der elva renn ut av breen.

Det er sett opp tausperringar og fareskilt ved breen, men likevel kryssar folk desse og går heilt opp til den livsfarlege isen.

Gjert Grødal

BREFØRAR: Gjert Grødal.

Foto: Johan Moen / NRK

– Trass i mange synlege åtvaringar og tausperringar, så er det mange som kryssar desse for å koma nærmare breen. Det er eit problem, seier Gjert Grødal, breførar i selskapet Bre og Fjell.

– Det er berre tilfeldigheiter og flaks at det ikkje skjer alvorlege ulukker oftare, held han fram.

Folk respekterer ikkje sperringane

– FOLK HAR IKKJE RESPEKT FOR BREEN: Vidar Havellen, som tok dette bilete på Nigardsbreen i juli i år, vart skremt av kor nærme nokre gjekk. Han måtte ropa til ein nederlandsk barnefamilie om at dei ikkje måtte gå så nærme breen.

Foto: Vidar Havellen

Vanskeleg å sikra betre

No er debatten om sperringar rundt farlege naturattraksjonar på nytt aktuell.

I juli omkom ei russisk kvinne då ho fall i Vøringsfossen i Eidfjord i Hordaland. Det var det tredje dødsfallet der på fem år.

Steinar Bruheim

IKKJE OVERRASKA: – Det er ikkje noko sjokk at det skjer ei slik ulukke, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag.

Foto: Christian Blom / NRK

Men både Grødal, Steinar Bruheim, som er dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag og breforskar Atle Nesje trur ikkje ein kan sikra naturattraksjonane, og då spesielt breane, så mykje meir enn ein allereie har gjort.

– Ein må opplysa folk om farane på flest mogleg måtar, slik at dei respekterer åtvaringane. Men i praksis er det ikkje mogleg å setja fleire fysiske sperringar rundt breane i Norge, seier Bruheim.

– Ein må respektera dei sperringane som er sett ut. Der det er stor trafikk og overhengande fare kan ein kanskje plassera ut vakter av og til, men ein kan ikkje gjerda inn alle stader der det er farleg i Norge, for det vil vera ei umogleg og alt for dyr løysing, seier breforskar Nesje.

Folk forbi sperringane ved Nigardsbreen

FORBI SPERRINGANE: Mange bryr seg ikkje om sperringane. Dette biletet er frå 2013. I framgrunnen ser ein fareskiltet og tausperringa.

Foto: Atle Barsnes

– Livsfarleg

Nesje ser ofte at folk risikerer livet for eit spektakulært bilete.

– Eg ser det stadig vekk når eg besøkjer brearmane at folk trassar sperringane. Det er sperringar framfor Briksdalsbreen i Olden i Nordfjord. Eg var der for ei veke sidan, og eg såg folk som hadde bevegd seg langt forbi sperringane og stod rett framfor breen. Berre på den halvtimen eg var der gjekk det to ras frå breen, seier Nesje.

Atle Nesje, professor i geologi

GEOLOGIPROFESSOR: Atle Nesje.

Foto: NRK

Breane er i stadig bevegelse. Isen pressar stadig på frå baksida, slik at det jamt og trutt dett is ned på framsida.

– Spesielt der breane er høge i fronten og sprokne opp er det livsfarleg å bevega seg inntil breen, seier breforskar Atle Nesje.

Utlendingar er verst

Både Nesje og Grødal har fått inntrykk av at det er utanlandske turistar som oftast trassar åtvaringane og sperringane.

– Mitt inntrykk er at nordmenn veit kor farlege breane kan vera, så dei held seg på god nok avstand. Dei fleste eg har observert og snakka med som har gått forbi sperringane er utlendingar, fordi dei ikkje veit kor farleg breane kan vera. Det som gjer at folk trassar sperringane, er at breen ser ganske roleg ut fordi den bevegar seg så sakte, seier Nesje.

– Ein del av dei utanlandske turistane kjenner ikkje til den faren isen har, seier Grødal.

Turistar tek bilete ved breporten på Nigardsbreen

– LIVSFARLEG: Det er livsfarleg å bevega seg så nærme breen, seier breforskar Atle Nesje.

Foto: Vidar Havellen

– Har venta på det

– Det er til ettertanke at folk ikkje respekterer dei grensene og åtvaringane som er sett opp, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag.

– For oss som er mykje i området, så er det ikkje noko sjokk at det skjer noko slikt. Men det er klart det er dramatisk og tragisk, seier han.

Han fortel at det har vore ein del kalving frå breen den siste tida, som følgje av høge temperaturar, mykje smelting og mykje bevegelse i breen.

– Folk veit kanskje ikkje risikoen dei utset seg sjølve for når dei tek seg forbi sperringane. Det er sikkert fascinerande og spanande å ta på isen, men det er klart det er ein stor risiko å gjera det, seier Bruheim.