Hopp til innhold

– Byrjar ein med kartet, stoppar dei gode diskusjonane

– Det er feil å teikne nytt kommunekart før ein veit kva oppgåve kommunane skal ha i framtida, meiner fleire stortingskandidatar.

«Nye» Sogn og Fjordane

NYTT: Slik vil Nivi at «nye» Sogn og Fjordane skal sjå ut.

Foto: Grafikk

Det har kome mange reaksjonen etter at analyseselskapet Nivi teikna eit kart med seks storkommunar her i fylket. Analyseselskapet meiner tal norske kommunar bør reduserast frå 428 til 105.

Bjørn Lødemel frå Høgre er for større kommunar, men meiner det er feil å starte med nytt kart.

– Eg har sett det tidlegare at når karta kjem, stoppar den gode diskusjonen. Eg er litt uroleg for det, sjølv om det kan vere spennande å sjå på kartet, seier han.

Seks regionar

Analyseselskapet Nivi meiner vi bør få Indre Nordfjord av Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal.

Vågsøy bør vere saman med Selje og Vanylven, Flora og Bremanger er tenkt saman, Førde får nabokommunane og Høyanger, HAFS-kommunane som eigen region og Indre Sogn som strekkjer til og med Balestrand. Så bør Gulen gå til eit stort Nordhordland og Vik og Aurland til eit utvida Voss.

Vil ikkje til Nordhordland

Trude Brosvik

LIKAR IKKJE KARTET: Trude Brosvik frå Krf vil at Gulen skal vere ein del av Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trude Brosvik som er stortingskandidat for Kristeleg Folkeparti, men dette er heilt feil stad å starte.

– Det er kommunane sjølv som må sjå på utviklinga si og kva trong dei har for samanslåing. Dette er mange kommunar allereie i gang med, seier ho.

Når analyseselskapet seier at Brosvik sin kommune Gulen bør bli del av eit stort Nordhordland, seier ho nei.

– Eg meiner Gulen høyrer til i Sogn og Fjordane, seier ho.

Ber folk engasjere seg

Bjørn Lødemel

FEIL: Bjørn Lødemel frå Høgre er for større kommunar, men meiner det er feil å starte med eit kart.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bjørn Lødemel meiner likevel at diskusjonen om kommunestorleik vil komme for fullt, og ber folke engasjere seg.

– Det vil komme ein diskusjon om struktur og oppgåvene til kommunane. Det er viktig at kommunane i lag med innbyggjarane, går inn i prosessane på ein konstruktiv måte. Det er viktig om ein skal få framtidsretta kommunestrukturar og positive prosessar, seier Lødemel.

Om analyseselskapet NIVI fekk teikna norgeskartet, ville talet på kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane krympa frå 59 til 13. Bak forslaget står norges mest brukte kommune-utgreiarar, som har blitt utfordra av NRK til å lage ei skisse til ny kommunereform.

SJÅ TV-SAK: Analyseselskapet Nivi har ei årrekkje utgreidd effektivisering og samanslåing i kommunane. På oppdrag frå NRK har dei teikna eit nytt noregskart.