Hopp til innhold

– Er med og sikrar framtida til landet

BERGEN (NRK): Dei som driv i sjømatnæringa må bli meir stolte av seg sjølv. Det var eit tema som gjekk igjen då nesten 200 av landets unge tilsette i næringa samla seg til konferanse i Bergen.

Medlemmer i Youngfish

STOLTE AV NÆRINGA SI: Deltakarar på Youngfish-konferansen saman med statsminister Erna Solberg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Youngfish-konferansen er stifta av fleire unge aktørar frå vårt fylke. I går ville dei skape åtgaum om sitt eige virke.

Det kunne tidvis minne om eit vekkingsmøte i konferansesalen på hotellet i Bergen sentrum, då den unge bedriftsleiaren Lars Bergh Hansen frå NorseAqua i Bindal snakka til 190 av sine unge kolleger i næringa.

Og det er behov for å vere meir stolte, meiner fleire, mellom dei 26 år gamle Erlend Vassbotten frå Flora.

– Vi er ikkje flinke nok til å formidle kva vi gjer bra, kva vi satsar på for å drive berekraftig, i staden for å høyre på at andre fortel oss kva vi ikkje gjer bra.

26 år gamle Vassbotten frå Florø var med og stifta organisasjonen Youngfish for knapt to år sidan. Den består av over 700 medlemmer under 35 år, folk som jobbar i eller med sjømatnæringa. Han jobbar sjølv i oppdrettsgiganten Lerøy og er tredjegenerasjons oppdrettar.

– Eg synest det er trist å gå inn i ei næring og høyre at eg er ein kjeltring som driv med noko som forureinar alle fjordsystem og drep ned alle villaksbestandar.

Erlend Vassbotten, Erna Solberg, Håvard Tennbø og Camilla Solheim Nore.

STØTTE FRÅ STATSMINISTEREN: Erlend Vassbotten (t.v.) saman med statsminister Erna Solberg, Håvard Tennebø og Camilla Solheim Nore.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Statsminister Erna Solberg var ein av hovudtalarane. Ho støttar ungdommen som meiner næringa må finne att stoltheita.

– Dei er for lite flinke til å fortelje mellom anna at det kvar dag blir servert over 30 millionar middagsmåltid basert på norsk fiskeproduksjon. Det er ei enorm verdiskaping. Det er ei framtidsnæring, og det er ein av grunnane til at eg valde å vere her.

– Gullalderen ligg framfor oss


Ho understreka kor stolt næringa skal vere av å slå sine eigne rekordar. I fjor vart det eksportert sjømat for 74,5 milliardar kroner. Men potensialet er det seksdobbelte, seier ho. Oppdrettsgründer Gustav Witzøe i Salmar har trua.

– Gullalderen ligg framfor oss. Det er ei fantastisk næring, dette har så vidt begynt. Vi har ein marknad som vil ha meir, dei vil ha nye produkt.

Elisabeth Grieg

– MÅ BETRE OMDØMET: Elisabeth Grieg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ikkje giftig og miljøfiendtleg


Samtidig er det skuggesider. Særleg oppdrettsnæringa får skyts frå miljørørsla som peikar på problem med rømming, lakselus og utslepp. Dette er tema som Elisabeth Grieg var innom i sitt føredrag om berekraft og samfunnsansvar. Ho er medeigar i den mektige Grieg Gruppen som mellom anna eig oppdrettsselskapet Grieg Seafoods.

– Vi har ei utfordring når det gjeld omdøme, om at fisken som blir produsert er giftig og miljøfiendtleg. Slik er det ikkje, så vi har ei historie som må forteljast betre. Eg opplever at næringa tek problema, mellom anna med lakselus, på alvor.

– Med på å sikre framtida


Også den unge oppdrettsarvingen Erlend Vassbotten frå Flora har trua på at dei skal finne løysingar.

– Vi ynskjer å jobbe vidare for å gjere næringa endå meir berekraftig. Alle næringar vil sette miljøavtrykk, men vi må redusere det til eit minimum. Vi er med på å sikre framtida til landet vårt. Vi har hatt oljen, no ser vi nedgang der. Eg er overtydd om at vi må satse på sjømatnæringa for å halde på den levestandarden vi har.

Youngfish-konferansen

190 FRAMMØTTE: Sjeføkonom Elisabeth Holvik talar til forsamlinga på Youngfish-konferansen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide