Hopp til innhold

– Dette er eitt av dei tøffaste sykkelritta i Norge

Jotunheimen Rundt er eitt av dei tøffaste dagsritta vi har, og du skal jobbe hardt psykisk for i det heile klare å gjennomføre. Det seier ein av vinnarane av årets ritt.

Jotunheimen rundt - lærdalsdalen

TØFT: Deltakarar hevdar Jotunheimen Rundt er blant dei tøffaste sykkelritta vi har i landet. Her er syklistane på veg opp Lærdalsdalen.

Foto: Håvard Nesbø

Svein Joar Horve frå Sandnes var i gruppa på fire som køyrde over målstreken først i sykkelrittet Jotunheimen Rundt i helga. Han har vore med på mange sykkelritt i landet, men slår fast at dette er det tøffaste av dei han kjenner til.

– Det er eitt av dei tøffaste døgnritta eg har køyrt. Det er snakk om nesten 5000 høgdemeter på 43 mil. Og så har du det psykiske, at du veit at når du er ferdig med det første fjellet så har du to igjen, og framleis 30 mil. Så du må jobbe veldig mykje med deg sjølv psykisk for i det heile å fullføre, seier Horve.

– Noko heilt anna enn Trondheim-Oslo

Det er rittleiar Håkon Nesse heilt samd i.

– Eg har snakka med fleire som seier at Trondheim-Oslo er berre barnemat i forhold. Dette er utan tvil eitt av dei tøffaste rittet i landet, seier Nesse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotunheimen Rundt 2014

VINNARGRUPPA: Gruppa på fem hadde akkurat avtalt å køyre i mål samstundes, då ein av dei fekk kjedebrot. Nest lengst framme er Svein Joar Horve.

Foto: Håvard Nesbø

Horve som til dagleg bur i Oslo, syklar for SK Rye sykkel, Rye XP og Caverion Norge AS. Han meiner det er vanskeleg å samanlikne Jotunheimen Rundt med noko anna dagsritt i Norge, og at det såleis kan vere det aller tyngste i sitt slag – i alle fall av det han kjenner til.

– No køyrde vi Trondheim-Oslo førre helg, men det er noko heilt anna. Der er eg med i lagkonkurransen, og det vert ein heilt annan måte å gjennomføre eit ritt på. Då ligg vi i rulle heile rittet, noko som gjer at det vert einsformig og kjedeleg. Jotunheimen er meir sosialt og fint fellesstartritt. Og så er det desse høgdemeterane, som gjer at det blir så tungt.

Fire køyrde i mål i lag

I rittet heldt Horve følgje med fire andre store delar av vegen, deriblant nokre lagkameratar, som på slutten bestemte seg for å sykle over målstreken saman.

– Vi hadde samarbeidd i 40 mil og hadde blitt godt kjend. Vi var jo også tre frå same lag, og då er det jo den der lagånda. No var det ein av våre som fekk krampe då det var ei mil igjen, men det hadde vore dumt å køyre frå han rett før mål. Vi hadde så god tid til dei bak at vi hadde ingen problem med å halde igjen litt og få alle saman i mål.

Jotunheimen rundt 2014

VINNAR: Christina Eide vart beste kvinne i rittet.

Foto: Håvard Nesbø

Men femtemann fekk kjedebrot like etter, og sjølv om kjeden vart ordna, kom han seg aldri opp igjen til den leiande gruppa. Også ei mil før målgang vart det trøbbel i gruppa, då ein av dei byrja å slite med krampe, men likevel fekk dei han med.

– Vi såg at vi hadde såpass god tid til dei bak at vi valde å vente for å få alle med oss i mål, seier Horve.

– Fordel å ha delteke før

Dette er andre året han deltek i Jotunheimen Rundt, og alle dei fire vinnarane i herreklassen har kjend det harde rittet på kroppen tidlegare. Det er ein stor fordel, seier Horve.

– Då kjenner du løypa og veit kor langt du har igjen til ei kvar tid, og det er absolutt ein fordel. Då eg var her i fjor hadde eg tidlegare sykla eit ritt som heiter Vikingtour, eit etapperitt, og då sykla eg i same området, men ikkje så langt i eitt strekk. Så det var absolutt mykje tyngre første året, både i høve til at eg ikkje var så godt trent og at det var første gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotunheimen rundt 2014

I LYS OG MØRKE: Her syklar dei opp Valdresflya natt til laurdag.

Foto: Håvard Nesbø

Men trass i at rittet er så tungt, vel syklistane likevel å kome tilbake.

– Når du kjem i mål tenkjer du ofte at aldri meir, for då hugsar du kor tungt det var. Men så er det noko som skjer med hjernen etter nokre dagar, og då var det eigentleg ikkje så gale, seier Horve.

Tek seg tid til å vere sosiale

Han meiner rittet er eit av dei kjekkaste som er.

– Det er eit fint område å sykle i, bra folk som syklar der og veldig bra arrangørar. Det er eit hardt, men veldig sosialt ritt.

Jotunheimen Rundt 2014

FIN DRIV: Jotunheimen Rundt byr på mange tunge motbakkar, men også fin natur.

Foto: Håvard Nesbø

For det å prate undervegs er ifølgje Horve ikkje fullt så vanskeleg som ein kanskje trur.

– I motbakkane går det litt saktare og ein får tid til å snakke litt med konkurrentar og får tid til å snakke litt med konkurrentar og ha det litt sosialt i tillegg. Vi sparte litt på krutet i motbakkane og køyrde hardare på flatene der vi var sterkast. Det er kjekt å køyre hardt og vinne, men det er eit totaltoppleving også.

Auke i deltakartalet

I alt var 335 personar påmelde og 312 stilte til start, fortel rittleiar Nesse.

– Det er ein liten oppgang frå i fjor. Vi var redde for at vi no skulle oppleve ein nedtur, slik som mange andre ritt, men det gjorde vi ikkje. Tvert om får vi utruleg mykje skryt frå folk som likar å komme tilbake til Jotunheimen Rundt, seier Nesse.

At tida til vinnarane i år er vel 30 minutt dårlegare enn rekorden, forklarar han med vêrtilhøva.

– Dei hadde motvind heile vegen til Fagernes, og der tapte dei glatt 20 minutt. I tillegg var det litt vegarbeid ved Maristova, og slikt må vi ta omsyn til. Men alt i alt ein kjempeflott prestasjon, seier Nesse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotunheimen Rundt 2014

VED START: 312 syklistar stilte til start av 335 påmelde.

Foto: Håvard Nesbø

Nesten ingen skadar

Han peikar på at det er mange faktorar som spelar inn på kor fort turen over dei tre fjellovergangane går.

– Dette er ei bra tid under dei forholda som var. Dei var seks mann i lag frå Borlaug til Fagernes. Ein datt av her, så dei fem andre heldt lag til indre Hafslo. Då øydela han eine kjeda si, dermed var det fire att. Men dei har køyrt i lag i 40 mil åleine, seier Nesse.

Håkon Nesse

GODT NØGD: Rittleiar Håkon Nesse tykkjer det har vore eit vel gjennomført arrangement også i år.

Foto: Håvard Nesbø

Han er svært godt nøgd med årets ritt, ikkje minst fordi det heller ikkje i år har vore registrert skadar å snakke om.

– Vi hadde ein velt i Valdres natt til laurdag der det rauk eit kragebein, og så var det ein liten velt på Sognefjellsrittet der ryttaren pådrog seg ei hjerneristing. Men det har gått veldig bra. Vi er svært opptekne av tryggleiken til dei som deltek, seier Nesse.

Fekk spesialdesigna refleksvestar

Som ledd i dette fekk alle løparane frå start ein spesialdesigna refleksvest, spesielt tilpassa syklistar, i staden for den vanlege t-skjorta. Produksjonen av vesten vart betalt delvis av trafikktryggleiksmidlar og av arrangøren sjølv.

– Det kosta oss nokre hundre tusen, men vi meiner det var ei god investering. Når ein syklar om natta, så er dette noko som er med på å gjere det tryggare. Fleire melde ifrå om at dei kjende seg tryggare med vesten, seier Nesse.

Rittleiaren rettar ein ekstra takk til alle dei frivillige som stiller opp år etter år.

– Vi har dyktige, ivrige og engasjerte folk med oss, og utan dei går det ikkje.

Jotunheimen rundt 2014

DØGNRITT: I morgongry rett før Randsverk.

Foto: Håvard Nesbø