Hopp til innhold

– Ei stor lette at dette gjekk bra

– Det vart ei lang natt, vedgår skadestadsleiar Dan Kåre Esp ved brannvesenet i Florø. 11 timar etter at ein tankbil small i fjellveggen ved Hatleset kunne endeleg riksveg 5 opnast for fri ferdsle.

Created by InfoDispatcher

LETTA: Det var ein letta skadestadsleiar, Dan Kåre Esp, som i 09-tida kunne konstatere at bergingsoppdraget på riksveg 5 snart var over. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal/NRK)

Til alt hell skjedde trafikkuhellet utan at nokon personar vart skadde. Føraren av vogntoget har forklart til politiet at han fekk sleng på semitraileren.

På det glatte føret klarte ikkje ein møtande varebil å stogge, og sklei rett i den havarerte tankbilen .

– Vi fekk vite på veg til staden at det ikkje var personskade. Slik lastebilen såg ut, så er det ei stor lette at dette gjekk bra, vedgår skadestadsleiar Dan Kåre Esp.

Etsande last

Føraren av tankbilen var til legesjekk etter uhellet. Han ynskjer ikkje å la seg intervjue om uhellet. Samanstøyten med fjellveggen var så kraftig at hytta han sat i vart slått laus .

(Artikkelen held fram under biletet)

Bergingsmannskap er i ferd med å rydde riksveg 5 etter at eit semitrailer med 18 kubikk lut køyrde i fjellveggen ved Hatleset.

KRAFTIG SMELL: Vogntoget sperra riksveg 5 i 11 timar. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal/NRK)

På dei to tankane var det 18 kubikkmeter lut, eit middel som er svært etsande både på og i kroppen. Av denne grunn vart seks personar evakuerte. Desse fekk flytte heim att i morgontimane tysdag.

– Det er fare for etseskade når ein kjem i kontakt med lut. I tillegg er det ein viss fare for dei som har vore nærme dette og har innlanda damp, støv eller tåke. Det kan gje etseskade i luftvegar og lungeskade, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen.

– Ei lang natt

Vogntoget sperra vegen, og det danna seg i løpet av natta ein lang kø på Førde-sida av uhellet. I 07-tida fekk dei første passere trafikkuhellet då det meste av lasta var tappa over på ein lokal tankbil.

Bergingsaksjon Flora

SPERRA: Vogntoget sperra riksveg 5 mellom Førde og Florø i 11 timar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Klokka 09 var vegen opna att for fri ferdsel.

– Bergingsaksjonen har gått veldig bra, men det vart ei lang natt der vi venta på å få tømt bilen. Han var for tung til å dra opp på vegen, og bilen som tek spesialavfall mått reingjerast for å ta lasta, seier Esp.

– Har det vore eit vanskeleg ryddearbeid?

– Vi har hatt profesjonelle folk som har teke av seg denne jobben, så det har gått veldig bra.

Etterforskar

Trafikkuhellet blir etterforska av Flora politistasjon. Politistasjonssjef Robert Veseth seier dei førebels ikkje har oversikt over eventuelle vitne til trafikkuhellet.

Det er ikkje gjort beslag av førarkort etter uhellet.

– Vi er i ein fase der vi må innhente opplysningar, og skal avhøyre dei involverte partane og gjere tekniske undersøkingar, seier Veseth.