Hopp til innhold

– Eg skal aldri meir klage på vegane heime

Elendige vegar, bestikkelsar og venlege folk har prega dei siste vekene til ekteparet Atle Gandrudbakken og Hilde G. Corneliussen frå Hafslo.

Atle Gandrudbakken og kona Hilde G. Corneliussen

PÅ LANGUR: Atle Gandrudbakken og kona Hilde G. Corneliussen er på veg til Mongolia. Så langt har dei hatt ei fantasisk reise.

Foto: Privat

På ti veker skal dei køyre 25.000 kilometer der målet er Mongolia. Strekninga er like lang som halvvegs rundt jorda.

– No har vi vore på vegen i tre veker og har køyrd 11.000 kilometer så langt, seier Atle Gandrudbakken til NRK.no.

Dei to valde å leggje ut på langtur til framande og spanande land. Akkurat no er dei i Kirgisistan der dei har overnatta i byen Osh. Dette er ein av dei store byane på den gamle Silkevegen.

Imponert over Iran

Turen starta med at dei køyrde gjennom Europa og til Istanbul i Tyrkia.

– Vi var litt spente på innreisa til Iran, men det gjekk heilt problemfritt. Vi møtte hyggeleg folk på grensa og vi blei godt tekne imot. Då vi kom inn i landet, var det berre kjekke menneske. I Teheran besøkte vi den norske ambassaden som hjelpte oss med visum til Turkmenistan.

Dei var i Iran like etter presidentvalet der den mest reformvennlege kandidaten blei valt.

– Det var veldig godt stemning og folk var optimisme. Dei håpa på eit lettare regime og at dei gå ei lysare framtid i møte. Iran overraska oss veldig og det var god standard på alt. Det var gode system og vi er verkeleg imponerte over dette landet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turkmenistan

I TURKMENISTAN: Atle Gandrudbakken og kona hadde dårleg erfaring med Turkmenistan. Dei ville bare komme seg fortast mogleg gjennom dette landet.

Foto: Frå bloggen gandrudbakken.no

Dårleg erfaring i Turkmenistan

I det neste landet på reisa blei det ikkje møtt på same landet. Gandrudbakken seier Turkmenistan nærast er eit diktatur.

– Dei ville tydelegvis ikkje ha turistar så vi brukte seks timar på å komme inn i landet sjølv om alle papira var i orden. Dette landet ville vi berre raskt komme oss gjennom.

Møtte sludd og snø

Deretter gjekk turen til Usbekistan og Tajikistan. Dei køyrde over fjella på ein veg som ligg 4655 meter over havet.

– Vegane her var så dårlege at eg aldri meir skal klage over standarden heime i Norge. I tillegg var det ei halv minusgrad med snø og sludd.

No er dei altså i Kirgisistan der dei har hatt to overnattingar på hotell. Neste land på lista er Kasakhstan. Landroveren fungere fint sjølv med vegar som liknar på vaskebrett og der alt ristar om dei køyrer over ti kilometer i timen.

Må betale for å få køyre vidare

Dei har også køyrd like ved grensa til Afghanistan i til saman eit døgn, utan å oppleve ubehagelege episodar. Så langt har dei ikkje opplevd noko farlege eller skremmande på reisa, men bestikkelsar har dei blitt godt vane med.

– Vi har vore gjennom mengder med kontrollpostar. Der har det blitt hevda at vi ikkje har papira i orden. Men mot eit lite gebyr, har visst alt vore OK likevel, ler han.

– VI har også fått beskjed om at vegar har vore stengde, men mot eit lite gebyr er vegen open att. Vi betaler alltid, om lag 10 amerikanske dollar kvar gong. Vi betaler gjerne dette for å sleppe å køyre 120 kilometer ekstra, så er ikkje det nokon å krangle på, Det er fattige menneske som sit på avsidesliggjande stader i telt, skur og rønner. Det blir eit lite tilskot til fattige folk.

– Kva har turen gitt dykk så langt?

– Det som har gitt oss mest er møtet med folk. Sjølv om vi ikkje snakkar same språk, så opplever vi venlege og høflege folk. Vi køyrer på elendige grusvegar og det er vanskeleg å finne fram. GPS fungerer ikkje og vi har dårleg kart. Då køyrer dei gjerne framfor oss, gjerne i mange kilometer for å vise oss vegen. Folk langs ruta vinkar og smilar.

– Ei ufatteleg spennande reise

Ekteparet er ifølgje med eit anna par. Dei ventar på ein tredje bil, men dei fekk problem med visum og måtte vere seks dagar ekstra i Iran.

Om tre veker reknar Gandrudbakken at dei skal vere framme i Mongolia som er målet for reisa. Dette landet er like stort som Vest-Europa og dei skal køyre rundt for å oppleve mest mogleg.

– Vi har hatt det veldig fint så langt. Det er ufatteleg spennande å få gjere ei slik reise om dette. Det kan nesten ikkje skildrast kor fantastisk det er, fortel han.

Kart over den store reisa

LANGT OG LENGRE ENN LANGT: Slik er ruta til paret frå Hafslo.

Foto: privat