Hopp til innhold

– Eg er djupt vonbroten

– Eg er mest av alt skuffa. Dette er å halde lokalpolitikarar og ikkje minst innbyggarane for narr. Partia køyrer over oss fordi vårt svar ikkje passar deira politiske prestisjeprosjekt.

Ordførar i Leikanger Jon Håkon Odd før Fylkesmannen sin presentasjon.

Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Det seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger etter at det tysdag kveld vart kjent at det er semje på Stortinget om å slå saman Leikanger, Balestrand og Sogndal kommunar med tvang.

KrF seier nei til all tvang. Men Venstre sikrar regjeringspartia fleirtal for å ni tvangssamanslåingar.

– Dette har ligge i korta lenge. Eg er svært skuffa over at vi ikkje blir høyrt. Regjeringa let oss gå gjennom denne prosessen med forhandlingar, informasjonsarbeid og engasjere folk til å ta del i ei avgjerd. Så køyrer dei over oss på slutten fordi vårt svar ikkje passar Høgre, Venstre og Frp sitt politiske prestisjeprosjekt, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger.

Andre alternativ

– Det er andre alternativ som vi er mykje betre tent med i Indre Sogn enn det Regjeringa nå pressar gjennom. Kommunestyret i Leikanger har peika på Luster, Sogndal og Leikanger, det er det som er det felles bu- og arbeidsområde.

– Og så respekterer eg fullt ut at Luster vil stå aleine. Men eg trur det hadde vore andre verkemiddel enn tvang og truslar. Dei positive verkemidla har eg enno ikkje sett i denne reforma.

– Dei har i staden teke frå oss mange millionar kroner i nytt inntektssystem og truga med å ta frå oss statlege arbeidsplassar. Så langt har det vore fullstendig mangel på positive verkemiddel, og tvang er krona på verket i det som har vore ein utruleg dårleg prosess, seier ordførar Odd.

Føler ingen glede

– Sidan eg vart ordførar i 2007 har eg ofte snakka om at eg kunne tenke meg å verte del av noko større og at vi skulle bygge det saman. No når vi får signal om at litt av det skal skje, kan eg ikkje seie at eg føler nokon glede.

– Det er eit krevjande utgangspunkt når kommunane ikkje ønsker samanslåing, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Jarle Aarvoll

Dårleg utgangspunkt, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Han er avventande til kva som skjer framover, men er ikkje overraska over meldinga frå Stortinget, ut frå lekkasjar siste dagane.

– Det er no viktig at vi viser vår største respekt for våre ulike ståstadar og at dei tre kommunane får tid til å absorbere og respondere, seier Aarvoll.

– Korleis løyser ein dette når Balestrand og Leikanger i utgangspunktet ikkje vil?

– Leikanger hadde eit tydeleg nei i folkerøystinga og i kommunestyret. Av respekt for dette må kommunane få handsame dette politisk først. Det er ikkje no sagt at løpet er lagt for ein større kommune i Sogn. Det er svært naudsynt med ei avklaring i dei respektive kommunane først, seier Aarvoll.

Balestrand kritisk

Harald N. Offerdal

Ikkje bra å bruke tvang, seier ordførar Harald Offerdal i Balestrand.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Balestrand-ordførar Harald N. Offerdal er kritisk til at kommunane får beskjed om tvangssamanslåing via media og ikkje frå Regjeringa.

– I denne samanhengen er det ikkje bra å bruke tvang. Det er ikkje bra at dei overprøver lokaldemokratiet på denne måten. Men om Stortinget vel å bruke det må vi forholde oss til det. Akkurat no veit eg lite og må vente og sjå, seier Harald N. Offerdal.

Laster innhold, vennligst vent..