Hopp til innhold

– Dette er ikkje porno, det er erotisk kunst

GLOPPEN (NRK): Fargerike, sensuelle bilete måla med olje og vassfarger er noko av det utstillinga "After Bedtime" av Marit Kaia Eiknes viste fram på Breim i helga.

Kunstutstilling av Marit Kaia Eikenes

VIDEO: – Eg har ein forkjærleik for menneske og det sensuelle ved menneskekroppen, forklarar Marit Kaia Eiknes.

– Eg har ein forkjærleik for menneske og det sensuelle ved menneskekroppen, forklarar Marit Kaia Eiknes. Ho vandrar rundt i SFE sitt nedlagde bygg på Breim. Bygget fungerer som galleri denne helga og dei kalde veggane gjer seg godt med dei fargerike bileta på.

Tunnelmusikk

Ved sidan av bileta har Eiknes spelt inn musikk saman med komponist Sverre K Johansen. Denne har blitt spelt inn i ein Eiknestunellen på Hestensøyra. Her har Eiknes brukt stemma si i lag med rytmeinstrument og brukt romklangen i tunnelen til å få fram stemninga av det ho kallar urmenneske og kåtskap.

Inspirert av Kahlo

Eiknes er utdanna kunstnar frå Ålesund Kunstskole og har drive med små og store kunstprosjekt sidan ho gjekk ut av skulen i 1998. "After Bedtime" meiner kunstnaren passar perfekt til det nedlagde SFE-bygget.

SFE-bygget på Breim

– Eg har hatt lyst til å stille ut her lenge, dei kalde veggane er heilt perfekt til bileta mine, fortel Marit Kaia Eiknes

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Sjølv er ho inspirert av kunstnarar som Frida Kahlo.

– Ho greidde få fram det sterke og harde i livet. Eg har vore inspirert meg sidan eg gjekk på kunstskulen. Ho fortalde livet rett fram og måla det. Det er inspirasjon for meg.