Hopp til innhold

Let seg inspirere av toppmoderne skuleskip: – Det er ein genistrek

Sogn og Fjordane fylkeskommune let seg imponere over kva Sør-Trøndelag har fått til med skuleskipet MS Fru Inger.

Sør-Trøndelag sitt skuleskip er ein genistrek, meiner byråkratar frå Sogn og Fjordane.

GENIALT: Sør-Trøndelag sitt skuleskip er ein genistrek, meiner byråkratar frå Sogn og Fjordane. Frå venstre; Frode Kupen, styreleiar for MS Skulebas, Knut Henning Grepstad, sekretariatsleiar Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sigurd Bjørgo, spesialrådgjevar Sør -Trøndelag fylkeskommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det dei har fått til er nærast ein genistrek. Å lage ein båt som er så fleksibel at den kan ta opp i seg ulike utdanningar som havbruk, oppdrett og tradisjonelt fiske, der det også er billeg å legge om frå den eine bruken til den andre er veldig bra, seier sekretariatsleiar for fylkeskommunen, Knut Henning Grepstad.

Under den store fiskerimessa i Trondheim sist veke fekk dei studere Sør-Trøndelag Fylkeskommune sitt nye skuleskip, MS Fru Inger. I heile landet har næringa slite med å få til nyrekruttering, men med sitt nye skuleskip har trønderane klart å snu trenden.

Gjekk frå ein til 240 elevar

– For sju-åtte år sidan var rekrutteringa dårleg. Det var ein elev på den eine skulen som tilbaud slik utdanning, seier Sigurd Bjørgo, spesialrådgjevar i Sør-Trøndelag fylkeskommune.

Løysinga vart eit løft hjå både fylkeskommunen og næringa. Då fekk dei på plass ny skule og ny båt, og no har elevtala gått til himmels.

– Skulen opna måndag med 140 skuleplassar, men nytta også den gamle skulen og klarte å ta inn 240 elevar, så det er som eit eventyr, fortel Bjørgo.

– Unikt og fleksibelt i bruk

Noko av suksessen bak er det nye skulefartøyet som dei investerte i, trur Bjørgo. Skipet er designa for pedagogikk, elevtryggleik og fleksibilitet.

– Båten kan fungere som oppdragskatamaran, men har også utstyr for å drive med garn- og linefiske. Alt er basert på containerar, så alt etter kva behov ein har, hiv ein i land eller om bord det ein treng for ulik drift. Eg trur det er det einaste av sitt slag, seier Bjørgo.

Sjølv om representantane frå Sogn og Fjordane er godt nøgde med sitt eige skuleskip, Skulebas, så legg dei ikkje skjul på at dei gjerne skulle hatt eit toppmoderne skip som i Sør-Trøndelag.

Skuleskipet MS Fru Inger imponerte fleire under fiskerimessa.

IMPONERTE: Skuleskipet MS Fru Inger er fleksibelt, og det er lett å skifta utstyr alt etter kva elevane skal lære meir om og få erfaringar i.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Håpar å få eit liknande skip etter Skulebas

– Eg kjenner at det er godt å vere om bord i skipet. Kven har ikkje lyst på eit slikt fartøy? Eg vil samstundes ikkje stikke kjeppar i hjula for båten vi har, det har utdanna alle dei vi har i næringa, og er alfa og omega. Men når Skulebas sine dagar er talte kan dette vere vegen å gå, seier Frode Kupen, påtroppande styreleiar for skuleskipet Skulebas i Sogn og Fjordane.

Skulebas vart bygd i 1974, og bygd om i 1994. Den er også eit spleiselag mellom næringslivet og fylkeskommunen, og vart kjøpt for kring ti år sidan. Den er spesielt tilpassa maritime fag, og etter at fartøyet kom skulen i Vågsøy i hende, så har ein sett at det også har auka interessa for desse faga.

– Klarar vi å få til noko liknande for faga innan fiske og fangst, og får meir kontakt med næringa og riggar oss med utstyr, så vil vi kanskje kunne få den delen av næringa opp på eit liknande nivå, trur Kupen.

Og i eit fylke som er kjenneteikna av dugnad, meiner Grepstad det er gode odds for å få til eit liknande samarbeid.

– Skal vi få det til må fylkeskommunen gå i bresjen og finne ut av kva som er mogeleg, og næringsaktørane må vere villige til å sjå på dette med nye auge. Vi klarer ikkje å halde oppe standarden om ungdommen ikkje er kvalifisert på eit breitt felt, og då er dette noko av det vi kan sjå på, seier han.