Hopp til innhold

Skadeverket står uoppklart halvanna år etter

Politiet får kritikk for å bruke lang tid på å oppklare brotsverk mot verdifulle kulturminne.

Stein Bondevik med runesteinen i Sogndal.

KRITIKKVERDIG: Det har gått nær halvanna år sidan Stein Bondevik melde skadeverket på runesteinen. Politiet er framleis ikkje ferdige med saka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Snart eit og eit halvt år etter at ein runestein i Sogndal og ein steinkross i Gulen blei øydelagde, har politiet framleis ikkje avslutta i sakene.

Treigt politiarbeid kan føra til ytterlegare skader på mellomalderklenodia.

– Det er sørgjeleg. Rett og slett deprimerande, seier Stein Bondevik i Sogndal.

– Heilt horribelt

Runesteinen i Sogndal før og etter

FØR OG ETTER: Runesteinen i Sogndal før og etter skadeverket.

Foto: Stein Bondevik og Kjell Arvid Stølen

Bondevik ser på ein runestein frå mellomalderen. Kulturminnet frå mellomalderen vart knekt under snøbrøyting i fjor , og den 900 år gamle runeskrifta vart øydelagd.

Nær halvanna år etter at Bondevik melde brotsverket, har politiet framleis ikkje konkludert med kven som har skulda og kva straffa skal vere.

– Nei dette tykkjer eg er heilt horribelt. Alle her veit kven som har gjort det, då har politiet eit problem om dei ikkje veit kven som har gjort det, seier han.

Økokrim kopla inn

Sakshandsaminga i Sogndal er ikkje eineståande. Nokre mil lengre ute i Sognefjorden står eit anna kulturhistorisk klenodium som vart øydelagt i april i fjor.

Steinkross i Gulen

ØKOKRIM: Økokrim er kopla inn i skadeverket på steinkrossen i Gulen.

Foto: Laila Indrebø / NRK

Då nokre tre skulle fellast for å verne om den nær 1.000 år gamle steinkrossen i Gulen, fall ei grein ned og delte den i to . Økokrim er kopla inn i saka for å avgjera kven som har ansvaret , personen som hogg eller dei som gav oppdraget.

Heller ikkje denne over eit år gamle kriminalsaka er oppklart.

– Eg tykkjer det tek lang tid, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Sju brotsverk på 20 år

Dei siste tjue år har kulturminneforvaltninga i Sogn og Fjordane meldt sju kulturminnebrotsverk til politiet.

Politiet har i snitt brukt halvtanna til to år på å oppklara desse sakene, seier Moberg.

– Vi skulle sjølvsagt ynskje at vi fekk raskare avgjerder, men vi ser at det er ulike typar kriminalitet. Politiet må sjølvsagt også gjere sine prioriteringar. Vi håpar at det no kjem ei avgjerd, seier Moberg.

Ikkje frigjeve

Ronny Iden

SAMTYKKJER: Ronny Iden er samd i at det har teke lang tid å etterforske skadane på kulturminna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Treigt politiarbeid aukar faren for at dei øydelagde kulturminna skal få ytterlegare skader og slitasje. Runesteinen i Sogndal har til dømes fått lange sprekker som gjer han særleg utsett for frostsprenging.

I Gulen har politiet enno ikkje frigjeve steinkrossen for utbetring. Fylkeskonservatoren skulle gjerne kome raskare i gang med reoperasjonen.

– Vi ynskjer ikkje at desse kulturminna skal stå skadde, slik som dei gjer. Det er ikkje noko godt signal i høve til at dette faktisk er heilt unike kulturskattar som vi som samfunn pliktar å ta godt vare på, seier Moberg.

Blir nedprioritert

– Eg kan ikkje anna enn å gje henne rett i at dette bør gå fortare, så eg forstår det ynsket, vedgår konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

Runesteinen i Sogndal.

SKADE: Det er tydelege sprekker på runesteinen i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet brukar kortare tid no enn før på å oppklara kriminalitet generelt, men det gjeld ikkje for brot på kulturminnelova. Iden seier denne type kriminalitet blir nedprioritert.

– Det er heile tida slik at det blir gjort alvorleg kriminalitet, det vere seg narkotika, tjuveri, vald og sedeligheit. Slike saker som berører folk flest mykje nærare, har ein tendens til å bli prioritert høgare, seier han.

– Ikkje godt nok

– Slik sett er det ikkje noko gale med den overordna prioriteringa, men når ting tek så lang tid som i denne saka, som bokstaveleg tala blir snøen som fall i fjor, så er ikkje det godt nok, legg han til.

Politiet kan framleis ikkje seia kor tid steinkrossbrotsverket i Gulen blir ferdig handsama, men ein konklusjon i runesteinssaka i Sogndal er venta etter sommaren. Bondevik fryktar at dei ansvarlege ikkje blir straffa.

– Tida går og går og går, og då er det typisk at dei seier at saka blir lagt vekk på grunn av bevisets stilling, seier han.