Hopp til innhold

Han meiner dei raudgrøne fylkespolitikarane overdimensjonerer den økonomiske krisa

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik (Frp) meiner dei raudgrøne fylkespolitikarane gjer ting verre enn dei er når det no skal sparast inn pengar for å tilpasse seg lågare inntekter dei komande åra.

Frank Willy Djuvik

- MÅ HA IS I MAGEN: Frank Willy Djuvik (Frp) åtvarar m ot å kutt hals over hovud før ein veit korleis rammene blir.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Eg meiner det er ei viss form for overdimensjonering av den krisemaksimeringa som Arnstein Menes (Sp) og andre kjem med. Vi veit faktisk ikkje dei endelege rammene for fylkesøkonomien før statsbudsjettet er lagt fram. Og då veit vi det for neste år.

– Må ha is i magen

Djuvik meiner fylkespolitikarane bør ha litt is i magen.

– Vi må sjå kva dei endelege kutta blir før vi kuttar hals over hovud. Administrasjonen lagar eit voldsomt oppstyr ved å legge fram teoretiske kuttforslag ved å fjerne ein bråte med tilbod, utan at det er grunnlag for det.

– Fortel du no at kutta ikkje blir så ille som 230 millionar kroner? Kva er det du veit som ingen andre veit?

–Nei, eg veit ikkje meir enn dei andre, og det er det som er poenget. Det er statsbudsjettet som bestemmer rammene for Sogn og Fjordane for 2015, og det neste statsbudsjettet igjen som bestemmer for 2016.

Ole Gunnar Krakhellen

- FOLKUSER PÅ DET SOM ER ATT: Ole Gunnar Krakhellen (H).

Foto: Kristján Logason / Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Men alle signal har vore tydelege på at dette er rammene som fylkeskommunen må rette seg etter framover?

– Det som har vore tydeleg er at dette er fordelingsnøkkelen som er vedteken av Stortinget. Og eg meiner det blir krisemaksimert noko voldsomt. Fylkeskommunen har framleis over to milliardar kroner i årlege inntekter som vi skal bruke på tenester til innbyggjarane.

– Snakk om dei 90 prosent som er att

Også Høgre-representanten Ole Gunnar Krakhellen meiner ein no må innstille seg på at det blir mindre å rutte med framover.

– Vi må snakke om dei ti prosentane vi må kutte, men vi må og snakke om dei 90 prosentane som er att av budsjettet, det er over to milliardar kroner, vi må finne ut korleis vi skal forvalte dei og rigge oss for framtida.