Hopp til innhold

– Dei første timane er avgjerande

Regionlensmann Arne Johannessen seier den lokale beredskapen har alt å seie for utfallet av ei ulukke.

Arne Johannessen

NØGD MED HANDTERINGA: Regionlensmann Arne Johannessen meiner den lokale beredskapen i Aurland var svært god.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Johannessen meiner difor at brannen i Gudvangatunnelen er eit godt døme på kor viktige den lokale beredskapen er. Politiet er no inne i ein sentraliseringsprosess, der det skal bli færre politidistrikt og færre lensmannskontor. Det er altfor mykje fokus på det nasjonale nivået og distriktsnivået, hevdar regionlensmannen.

– Når det skjer katastrofar er dei første timane heilt avgjerande. Då er det lokalbefolkninga, frivillige organisasjonar, politi, brann og helse som må mobilisere, og då snakkar vi om dei ressursane vi har i kvar kommune og kvar region. Dei er avgjerande for suksess eller fiasko, seier han.

Helseministeren kom til Aurland

Onsdag var helseminister Bent Høie i Aurland for å bli orientert om bussbrannen frå dei involverte i bergingsarbeidet. Han takka for innsatsen frå naudetatane og friviljuge.

– Det er viktig at vi frå sentrale styresmakter får høyre om erfaringane og ta det med vidare, for dette har betydning for korleis vi handterer og er førebudd på slike situasjonar i framtida.

Bent Høie i Aurland

VIKTIG Å HØYRE ERFARINGANE: Helseminister Bent Høie (H) i Aurland. I bakgrunnen orienterer ordførar Noralv Distad (H).

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Både Statens vegvesen og brannvesenet meiner at erfaring frå brannen for to år sidan har hatt mykje å seie for at ting fungerte godt i går. Høie ser og at det var viktig.

– Så har eg fått svar på at ein av dei viktigaste skilnadene mellom no og for to år sidan er at vi no har fått naudnett som gjer at dei ulike naudetatane kan kommunisere betre med kvarandre, og det er eg glad for å høyre, for det viser at det var ei rett avgjerd å bygge ut naudnettet.

– Lokal beredskap viktig

Helseministeren ser at det er vesentleg at den lokale beredskapen fungerer.

– Det handlar både om lokalkunnskap og det å ha eit godt samarbeid mellom dei tre naudetatane, i tillegg til eit sterkt Røde Kors og ein ideell sektor som kan stille opp på kort varsel og kan bidra.

Regionlensmann Arne Johannessen sa på møtet med Høie at han tykte det var tilfredsstillande å sjå at ein har lært av brannen for to år sidan.

– Det nye naudnettet er dyrt, men det har vore ei fantastisk investering i tryggleik. Det fekk vi erfare i går.

Noralv Distad og Bent Høie

MØTTE NAUDETATANE: Helseministeren fekk høyre om erfaringane til dei involverte i sløkkings.- og redningsapparatet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK