Hopp til innhold

Mange er uroa over hol i nettet, men dei forsikrar at nettbanken er trygg

Mange har ringt bankane i fylket etter at det vart kjent at ei rekkje nettsider i to år har hatt eit kjempestort tryggleikshol. Men ingen av bankane i Sogn og Fjordane brukar den utsette teknologien.

Nettbank Sparebanken Sogn og Fjordane

TRENG IKKJE BYTE PASSORD: Hallvard Klakegg, Knut Ove Grodås og Per Magne Hervik seier kundane kan vere trygge.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kundane kan vere trygge på at pengane er sikre. Banken brukar ikkje den teknologien som det no er funne tryggleiksfeil i, seier Hallvard Klakegg, som er direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Og det er tilfelle for alle sparebankane i Sogn og Fjordane. NRK har vore i kontkat med Sparebanken Vest, Indre Sogn Sparebank, Luster Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank, og alle forsikrar om at dei ikkje er omfatta av glippen i internett.

Oddstein Haugen

FYLGJER UTVIKLINGA NØYE: Banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank.

Foto: Luster Sparebank

Ber kundane fylgje med

Tryggleiksfeilen vart oppdaga i ein teknologi som er kalla OpenSSL, som skal sikre kommunikasjonen mellom brukar og nettstad. Bankane seier at kundane ikkje treng byte passord for BankID, fordi bankID-tenesta ikkje er råka.

Men banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank seier at dei fylgjer utviklinga nøye.

– Det er alvorleg, og vi ber kundane fylgje med på heimesida vår, dersom det skjer noko blir det lagt ut der omgåande. Men eg trur dei kan ta det heile med ro og bruke nettbanken som vanleg.

– Kundane må også passe på

Mange har ringt til Sparebanken Sogn og Fjordane etter at det vart kjent at det hadde oppstått ein tryggleiksrisiko på nettet, seier Hallvard Klakegg.

– Dei første kom alt onsdag kveld etter at det vart kjent i media, vi har fått fleire i dag, og eg reknar med at mange vil ta kontakt utover dagen.

Nettbank Sparebanken Sogn og Fjordane

VER NØYE MED PASSORD: Bruk ikkje same passordet på jobb og heime.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Når slikt skjer er IT-driftssjef Knut Ove Grodås den første blir kopla inn i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Første og fremst må vi kartlegge våre system, brukar vi den teknologien som det er funne hol i eller ikkje? Generelt passar vi heile tida på at systema våre er oppdaterte.

Han meiner det og er viktig at kundane passar på eigen tryggleik.

– Eit generelt råd er å alltid ha ulike passord, eitt på jobb, eit anna privat. Dessutan må dei alltid syte for at systema er oppdaterte, eigen pc og nettlesar og antivirusprogram.

– Har du inntrykk av at folk er flinke nok med dette?

– Nei, dessverre er dei nok ikkje det.

IT-rommet i Sparebanken Sogn og Fjordane

– NETTBANKEN ER TRYGG: Frå v. Knut Ove Grodås, Hallvard Klakegg og Per Magne Hervik i IT-rommet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Går fem på etter e-postar

Enkelte bankkundar har gått fem på og gitt kontoopplysingar til kriminelle etter å ha fått e-postar frå folk som gir seg ut for å vere t.d. Skatteetaten. Konsulent Per Magne Hervik i Sparebanken Sogn og Fjordane seier at dei har måtta dekka tapet til ein del slike.

– Det har vore eit aukande problem det siste året. Det siste dømet er at svindlarar utgav seg for å vere Skatteetaten. Som regel vil dårleg norsk få folk flest til å forstå at dette er svindel, men i det siste har det kome ein del slike e-postar med mykje betre språk, og enkelte let seg lure.