Hopp til innhold

93 millionar til taubana i Loen

På den ekstraordinære generalforsamlinga til Hoven Loen AS tysdag kveld kom det så mykje pengar på bordet at styreleiar Leif Riksheim meiner dei no kan skrive kontrakt med leverandøren av taubane.

Gondolbane til Hoven i Loen.
Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

Då møtet var slutt hadde selskapet vel 93 millionar kroner å rutte med.

– Vi har nådd målet vi hadde for dette stadiet. Vi har i kveld inne ein kapital på vel 93 millionar. Det synest eg er heilt fantastisk å få av eit lokalsamfunn og folk knytte til lokalsamfunnet.

No meiner Riksheim at Hoven Loen AS har alt klart til å inngå kontrakt med firmaet Doppelmayr Garaventa, som har representantar på plass i Loen.

– Vi har fått gode avtalar, så den biten er klar. Men det hastar om ikkje arbeidet skal stanse opp når vinteren no melder seg.