Hopp til innhold

90-åringen syklar fleire kilometer om dagen

SANDE (NRK): Ny teknologi har gjort det mogleg for dei eldre ved Gaular bygde- og sjukeheim å sykle mange kilometer gjennom fleire område i fylke. Blant dei ivrigaste på pedalane er nittiåringen Dagfinn Nilsen.

Dagfinn Nilsen

PÅ TUR: Her syklar Nilsen ned til Sande sentrum.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Eg pleier å sykle mellom fem og sju kilometer kvar morgon, avhengig av kor mykje motbakke det er, seier Nilsen medan han trakkar på sykkelpedalane.

Men sykkelen han brukar er litt utanom det vanlege. Den vert kalla Motiview, er stasjonær og kjem saman med ein mengde videoar. Ved hjelp av dei levande bileta på TV-skjermen er det meininga at Nilsen og andre brukarar skal få kjensla av at dei syklar i kjente omgjevnadar ved å sjå på videoen framføre seg.

Me har videoar frå fleire område her, men eg likar best den frå Sande eg, seier Nilsen.

Han er allereie godt i gang med dagens sykkeltur, og målet er å kome seg til Sande sentrum.

– No kjem eg til Hestad Kapell snart, og der kjem svingen ned til Hestad-bøane der, forklarar Nilsen som susar forbi alle tre.

Dagfinn Nilsen

SYKKELENTUSIAST: Dagfinn Nilsen er ein sprek 90-åring som legg frå seg rullatoren, set seg på sykkelsete og trakkar på pedalane kvar dag.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Konkurrenten til Nilsen

– Eg vert jo litt kry om eg har sykla litt lenger enn Dagfinn ein dag, seier 90-år gamle Anlaug Viken Losnegård og ler medan ho ser på han sykle.

Ho og Nilsen er dei som brukar sykkelen aller mest. Men det er ikkje konkurranse som er viktig.

Neidå, for meg er det viktig å vera i aktivitet så eg syklar omtrent fem til sju kilometer kvar dag, seier Viken.

Ho er ikkje så oppteken av videoen i utgangspunktet, spesielt fordi ho er svaksynt. Men sjølve sykkelen er ho svært glad i.

– Eg hadde nok vore mykje meir stiv og plaga med gikt om eg ikkje hadde sykla. Dette løyser jo opp alt, fortel ho.

– Det erstattar turen ut og all mosjon i grunn, seier ho.

Annlaug Viken Losnegård

SLIK FUNGERER DEN: Anlaug Viken Losnegård visar korleis sykkelen fungerer.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Videoen er ikkje så viktig

Dagfinn er ganske samd med Losnegård, både når det gjeld helsegevinsten òg videoane.

– Eigentleg er eg ikkje så oppteken av det som er på TV-skjermen, men det er jo fine greier. Det viktigaste for meg er å sykle, seier Nilsen.

Han synest det er fint å sjå på av og til, men det er ikkje akkurat slik at han får ei sterk kjensle av å vera ute.

– Den teknologien veit eg ikkje heilt korleis fungerer. Viss ingen slår på videoen så stopper det ikkje meg frå å trene føter og bein.

– Eg er jo litt dårleg i ryggen, når eg sete her no så går det fint, og det er veldig bra for føtene, men eg trur ikkje det hjelper for ryggen, meiner Nilsen.

Store helsegevinstar

Gaular er ein av dei første kommunane i fylket som har byrja å satse på meir teknologi innanfor helse- og omsorgstenestene. Sykkelen vart i den samband kjøpt i sommar og det er fleire på huset som er svært nøgd med den.

– Dei som var ivrige turgåarar tidlegare og som ikkje kan gjere dette lenger så er dette eit godt alternativ seier aktivitetsleiar Gunn Nedrebø.

– Det er mogleg å regulerer det slik at ein syklar i motbakkar, og så får ein brukt ledd og muskulatur.

Nedrebø meiner at det er forskjell mellom kven som brukar sykkelen og ikkje.

– Dei som er så friske som Nilsen og Losnegård, dei gjer det utan at me pratar om det. Men dei som kanskje ikkje tenker på gevinsten av det, må me motivere meir seier Losnegård.

Ho meiner at slik teknologi er svært viktig og det er bra om det vert meir teknologi i eldreomsorga.

– Det er nytt, og vi ser at det er veldig positivt. Så lenge me jobbar i lag med å lage rutinar og snakkar om kor viktig det er at dei held den fysiske forma, så har det vore veldig bra, avsluttar Nedrebø.