Hopp til innhold

800.000 liter gjødsel rann ut

Ein gjødselsilo kollapsa i Fjærland ved halv eitt tida i natt, og 800.000 liter med gjødsel har runne ut.

Gjødsellekkasje i Fjærland
Foto: Janne Skeie Olsen

Janne Skeie Olsen jobbar ved hotellet i Fjærland, og seier fjorden er brun av møk.

Gjødsel framfor Mundal Hotell

Mundal hotell

Foto: Hege Holm NRK

- Du ser ein sti av møk som har runne heilt ut i fjorden, og den er veldig brun. Du ser kor den har gått frå siloen som har ramla saman, litt slik som domino, og ned forbi kyrkjegarden. Det er litt spesiell lukt og spesielt i heile Fjærland i dag.

Sjå også Hotellplenen full av møk rett før sesongopninga.

Se video: - Dette skal vi fikse opp i

Janne Skeie Olsen. personalsjef ved Mundal Hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Janne Skeie Olsen, personalsjef ved Mundal Hotell.

Brannvesenet spylte

Olsen seiar at møka har funne seg ein sti, og at den ikkje dekker heile Fjærland.

- Det er mest på marka der oppe og plenen framfor hotellet det har lagt seg mykje. Elles er det spylt vekk av brannmannskapet, slik at vi kan køyre på vegen. Det er fjorden og litt plenar det har gått verst ut over.

Det var ein nabo som varsla om uhellet. Naboen vakna av lydar og ein valdsam stank inne i huset.

Heilt ny

Kumme på 800.000 liter var ny, og heilt full då uhellet skjedde.

- Eg har brukt gjødselkummen halvtanna år. Eg hadde ikkje rekna med at dette kunne skje, seier bonde Anders Mundal. Sjå også - Siloelementa lå strødd

Gjødselsilo kollapsa i Fjærland
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Gjødselsiloen består av betongelement som er halde saman av vaier. Bonden vil ikkje spekulere i kva som kan vere årsaka. Men han reknar med at kanskje vaierane har gått av skøyteleddet på midten.

Det er Stryn Betong som har levert betongelementa, og montert siloen. Dei er no på plass i Fjærland for å finne ut kva som har skjedd.