Hopp til innhold

71 personar framleis utan hus

– 71 personar blei huslause etter storbrannen i Lærdal. Ni månader etterpå har dei framleis ikkje hus å flytte inn i.

Jan Geir Solheim

MANGE FRAMLEIS UTAN HUS: Ni månader etter storbrannen har framleis ingen av dei som fekk husa sine totalskadde kunne flytte inn nye hus seier ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det fortalde lærdalsordførar Jan Geir solheim under beredskapskonferansen i Loen tysdag.

Natt til 19 januar i år blei Lærdalssamfunnet råka av den verste brannkatastrofen i fredstid i Norge. 40 bygningar brann ned og 71 personar miste heimane sine.

Solheim meiner det har gått over all forventning sjølv om det har vore ei krevjande oppgåve for kommunen å skulle behandle så mange byggesaker.

– Det er framleis slik at ingen av dei som miste husa sine i brannen, har kunne flytte inn i nytt hus.

Bur i nabokommunen

Jan Geir Solheim

NYE HUS: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim gler seg over at nye hus er ferd med å reise seg frå branntomtene i Lærdal.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ordføraren fortel at mange av dei som miste husa sine i brannen, inn til vidare leiger andre stader i kommunen eller i nabokommune Årdal.

– Enkelte kjem nok heller ikkje til å flytte attende til sentrum. Vi ser at to tomter er lyste ut for sal.

Ni hus under bygging

Solheim rosar dei som miste husa sine for korleis dei har takla situasjonen. For han som ordførar er det ei stor lette å sjå at frå branntomtene på Lærdalsyri er det no i ferd med å reise seg ni hus.

– Det er ei sann glede å sjå at det no kjem opp stadig fleire hus, målet er jo at flest mogleg av dei som miste husa sine skal kunne flytte inn i nye hus til jul.