Hopp til innhold

Sogningen køyrde bil «dagen derpå» - det kosta han 67.500 kroner

SOGN TINGRETT (NRK): Den 60 år gamle sogningen må betale dyrt for at han valde å køyre bil dagen etter ein fest.

Det var ein tysdag morgon i desember i fjor at mannen blei stogga i ein promillekontroll, og prøven synte at han hadde ein promille på 0,81.

– Av ålmennpreventive omsyn er det viktig å reagere strengt mot promillekøyring. I dette tilfellet dreier det seg om eit tilfelle av «dagen deretter-køyring», heiter det i domen frå tingretten.

Den no dømde mannen slo klart fast i retten at han ikkje ville sett seg i bilen dersom han mistenkte at han hadde promille. Køyringa førte ikkje til farlege situasjonar.

Men dei siste dropane blir dyre å svelge for sogningen. Retten har ut frå mannen si inntekt funne at han må betale 67.500 kroner i bot, noko som svarar til ei og ei halv gang månadsinntekta hans.

I tillegg fekk han 16 dagar fengsel på vilkår, og 15 dagar til om staten ikkje får inn bøtepengane.