Fulle tribuner på Fosshaugane - FULLE TRIBUNAR: Det er venta kring 5.000 tilskodarar på Fosshaugane når Molde kjem på besøk laurdag. - Foto: Rune Fossum / NRK

FULLE TRIBUNAR: Det er venta kring 5.000 tilskodarar på Fosshaugane når Molde kjem på besøk laurdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

4.000 selde billettar til toppkamp

Sogndal Fotball har så langt selt nær 4.000 billettar til toppkampen mot Even Hovland og Molde & co.

Førehandssalet tok av etter den sterke tomålssigeren borte mot Vålerenga sist helg. Laurdag kjem regjerande seriemeistrar Molde på besøk til Fosshaugane.

Med andre ord skulle det meste ligge til rette for ei solid fotballoppleving for heimepublikumet.

– Erfaringsmessig plar vi selje kring 1.000 billettar på kampdag. Vi håpar på kring 5.000 tilskodarar, men det avheng litt av kor mange som kjem frå Molde, seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Fullt hus i fjor

Geir Inge Heggestad - NØGD: Geir Inge Heggestad er arrangementsansvarleg. - Foto: Arve Uglum / NRK

NØGD: Geir Inge Heggestad er arrangementsansvarleg.

Foto: Arve Uglum / NRK

I fjor var det fullt hus og 5.600 tilskodarar i den høgdramatiske kampen mot Brann. Heggestad håpar at fleire enn dei 4.800 publikummarane som såg Aalesund-kampen tek turen til Fosshaugane til den TV-sendte kampen mot Molde.

Heggestad seier dei har fått langt fleire telefonar frå kystkommunane enn dei er vande med.

– Den store interessa heng nok først og fremst saman med prestasjonane til laget, samt det nye konseptet med familietribuna på fylkestribuna og effekten av at vi prøver å gjenerobre tittelen som fylkeslag, seier han.

Spent Hovland

Det er ikkje berre Heggestad som håpar på stinn brakke og god stemning. Vaimingen Even Hovland skal for første gong skal sitje i bortegarderoben på si gamle heimebane.

Mållaust ved pause - HEIM: Even Hovland spelt mange heimekampar på Fosshaugane. Laurdag blir det bortekamp på same bane. - Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

HEIM: Even Hovland spelt mange heimekampar på Fosshaugane. Laurdag blir det bortekamp på same bane.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– Det blir kjekt, men også spesielt å ha på seg ei blå drakt og å stå på motsett side i høve til kameratane. Eg trur det blir ei god oppleving med mykje folk og flomlys, seier han.

Ikkje overraska

Den tidlegare sogndalstopparen har etter overgangen følgt Sogndal tett. Både Sogndal og Molde har opna sesongen med ni poeng på fem kampar. Sogndal har likevel fjerdeplassen på betre målskilnad. Molde er nummer seks.

Hovland er ikkje overraska over at tidlegare, men også nedrykksdømde, kameratar har starta så bra.

– Dei har gjort det fantastisk bra og skal ha all ære. Det har vore mykje utskiftingar, men det ser ut til at dei er blitt mykje raskare samspelte enn venta. Held dei fram slik er det ingen tvil om at dei vil halde plassen, seier han.

– Unngå frispark

Manager Ole Gunnar Solskjær har i sesongstarten gjeve Hovland godt med tillit i den bakre firaren til Molde. Sjølv tykkjer meiner han å vere i stigande form etter kvart som han blir meir samspelt med medspelarane.

I fjor vann Sogndal tilsvarande oppgjer med 2–1 etter to mål av Tore Andre Flo . Hovland har lagt merke til at Sogndal har scora mange mål på frispark i år.

– Sogndal har scora mykje på frispark i år, så vi må unngå unødvendige frispark. Vi kan ikkje gje dei moglegheiter, for då smell det med ein gong, seier Hovland.

Førde ønskjer å vere ein sykkelby, men er det slik?
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.
Asylmottaket i Årdal fekk den verste tenkelege starten med trippeldrapet i fjor. Men no får mottaket og lokalsamfunnet skryt for å ha dempa dei djupe konfliktane og skapt eit godt samhald.