Hopp til innhold

4.000 brannmenn får ikkje utdanninga dei har krav på

4.000 deltidsbrannmenn i heile landet manglar opplæring i brannvern. Det viser dokument NRK har fått innsyn i.

Brann i Lærdal

MANGLAR: Deltidsbrannmenn skal utføre same jobben som heiltidsbrannmenn, men får ikkje utdanninga dei har krav på.

Foto: Øystein Venås Sørensen

Alle brannmenn i deltidsstilling skal ifølgje føreskriftene ha gjennomført grunnkurs i brannvern. I fleire år har likevel direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fått utsett fristen for at dette skal bli gjennomført.

Det likar ikkje Nils Erik Haagenrud, leiar i Norsk Brannbefals Landsforbund:

– Det tykkjer eg er lite tilfredsstillande. Dette er ei sak som har pågått i så mange år, utan at ein har kome i mål, seier Haagenrud.

Utsett og utsett

For over 4.000 brannmenn i deltidsstillingar i Norge, har ikkje tatt grunnkurs i brannvern slik føreskriftene seier at dei skal ha.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har gang på gang fått utsett fristen om at alle skal ha utdanninga. Først i 2012, så i 2013 og no helt til 2015.

– Det er klart at dersom det er eit ynskje om at det skal vere ei viss form for kvalitet på den tenesta brann- og redningsmannskap skal gjere, så er det viktig at dei får på plass denne utdanninga så raskt som råd, seier Haagenrud.

Har krav på utdanninga

Justisdepartementet har gjeve lov til utsettinga, fordi det med dagens system ikkje var realistisk å gjennomføre grunnkursa før 2014.

Ei årsak er ifølgje Haagenrud at det blir sett av for lite pengar til opplæring. Han meiner det er svært viktig at også dei deltidstilsette brannmennene får utdanninga dei har krav på.

– Dei skal gjere akkurat dei same arbeidsoppgåvene som ein heiltidsbrannmann, og grunnlaget med å ha god kompetanse må vere på plass for å utføre ein tilfredsstillande god jobb, seier han.

– Har fått pengane

Justisdepartementet ynskjer ikkje å kommentere saka før dei har vurdert den nye brannanalysen.

Roar Johansen, Direktør for Norges Brannskole, trur ikkje at det er pengane det står på. Han seier det er kommunane som har ansvaret for opplæringa, og at desse har fått 36 millionar koner frå staten.

Problemet er at pengane ikkje er øyremerkt, og ofte blir brukt på andre ting.

– No i 2014 har eg eit stort ynskje om at kommunane tek signala frå regjeringa og statsbudsjettet på alvor, og faktisk brukar dei ekstra midlane dei har fått og omset desse til meir utdanning for brannmannskapa sine.