Hopp til innhold

30 millionar kroner bergar økoskulen

HERMANNSVERK (NRK): Ein pott på 30 millionar kroner til investeringar sikrar framtida for Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland i mange år framover.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

SÆRS NØGD: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er svært nøgd med at fylkesutvalet går inn for å gje 20 millionar kroner til Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Silje Immel Slettestøl

– Det er eit kjempeviktig vedtak. No kjem det bygningsmessige på plass, og skulen kan konsentrere seg om å utvikle seg til ei endå viktigare kraft for å utvikle økologisk landbruk.

Det seier ein svært nøgd Noralv Distad til NRK. Aurlandsordføraren meiner at ein ideelt sett skulle hatt endå meir til å investere i bygningane på økoskulen, men at det er eit svært godt steg i rett retning.

Løyvde 20 millionar

– Det såg jo mørkt ut, og eg tenkte at dette må vi aldri gje opp. Det vi gjorde var at vi ville formidle dei verdiane denne skulen står for og skaper. Då fekk vi fokus vekk frå berre dei bygningsmessige problema, seier Distad.

Fylkesutvalet gjekk i dag inn for å løyve 20 millionar kroner til bygningsmessige investeringar på jord- og hagebruksskulen. I tillegg er Aurland kommune inne med fem millionar, det same er staten.

– Alle vil skulen vel

I tillegg har Aurland sparebank løyvd midlar, og skulen si veneforeining har samla inn 770.000 kroner.

– Alle vil skulen vel, og det må til for å byggje vidare på det tilbodet som er på skulen. Det er fantastisk å sjå det breie engasjementet som er for denne skulen både lokalt og nasjonalt, seier Distad.