Hopp til innhold

Fylkekommunen hentar ut 30 millionar frå Fjord1

Sogn og Fjordane fylkeskommune hentar no ut eit utbyte på kring 30 millionar kroner, etter at Fjord1 i fjor gjekk med eit solid overskot.

Dagfinn Neteland

NØGD SJEF: Dagfinn Neteland

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

Etter fleire magre år, med mellom anna 95 millionar kroner i minus i 2012, går no ferjeselskapet Fjord1 så det susar. Dei kom ut med 111 millionar i pluss i 2014, og kan no betale om lag 50 millionar kroner tilbake til dei to storeigarane.

– Det kan hende at utbytet burde vore større, men ut frå resultatet så er dette eit fornuftig tal. Det er veldig gledeleg at vi no kan gje utbyte tilbake til eigarane, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, til NRK.

Har jobba for betre resultat

Fylkeskommunen eig 59 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet F1 Holding AS, medan Havilafjord AS i Fosnavåg på Sunnmøre eig dei resterande 41 prosent av aksjane.

– Det har vore jobba i fleire år med å få betre resultat i selskapet. No ser vi effekten av fleire forbetringsprogram som har gått i selskapet i fleire år. God innsats frå dei tilsette ber frukter no, seier Neteland.

La ned i Molde

Nedlegginga av Fjord1 sin administrasjon i Molde er ein av årsakene til det svært gode resultatet selskapet kan syne til for 2014. Dei har også lagt om mange rutinar som gjer at dei tener langt meir pengar no.

– Vi har hatt ei flott avslutning på 2014 som vi tek med oss inn i 2015. Vi ser veldig lyst på 2015, og trur vi skal klare å betre resultatet ytterlegare i år, seier Neteland.

Fjord1 er det største ferjeselskapet i Norge med 78 ferjer og hurtigbåtar og omsette i 2014 for 2,3 milliardar kroner.