«Tilfeldigheitene avgjorde kven som overlevde og døydde»

Laurdag er det 30 år sidan New Jordal Swingers mista fire av sine bandmedlemmer og teknikarar i ei av dei største rasulukkene på norske vegar.

– Det byrja med små sandkorn som risla på taket. Det var det første varselet vi fekk. Så vart det meir og meir bråk, og så hugsar eg ikkje meir, fortel John Kolloen, trommeslagar og førar av ulukkesbilen den skjebnesvangre dagen.

John Kolloen - FØRAR: John Kolloen og Eigil Berg er dei einaste som framleis er aktive i New Jordal Swingers frå den opphavlege besetninga. - Foto: Promo /

FØRAR: John Kolloen og Eigil Berg er dei einaste som framleis er aktive i New Jordal Swingers frå den opphavlege besetninga.

Foto: Promo

Rasulukka 18. februar 1982 skaka ein heil nasjon og musikkmiljøet i Norge. Ikkje berre vart ei av landets største og mest populære grupper på den tida treft av eit steinras på veg til konsert i Florø. Fire personar omkom momentant.

– Hadde mykje moro

Bassist Håkon Vellesvik vart 31 år gamal, medan gitarist Finn John Andresen vart 34 år gamal. I tillegg omkom teknikarane Bjørn Terje Dybvik (22) og Kurt Arild Adolfsen (22).

Kolloen og vokalist Eigil Berg vart begge alvorleg skadde. Saxofonist Ivar Hovden vart lettare skadd og reiste rett frå sjukehuset til gravferdene til sine vener.

– Vi mista fire flotte musikarar og teknikarar. For å komme oss vidare var vi nøydde til å tenkje positivt, og på all moroa vi hadde saman på vegane. Ein kan ikkje overleve som turnerande band utan humor, og det hadde vi til gagns, seier Kolloen.

Tilfeldigheiter

New Jordal Swingers - NJS ANNO 1982: Finn John Andresen (f.v.), Eigil Berg, Håkon Vellesvik, John Kolloen og Ivar Hovden. - Foto: Bjørn Inge Karlsen /

NJS ANNO 1982: Finn John Andresen (f.v.), Eigil Berg, Håkon Vellesvik, John Kolloen og Ivar Hovden.

Foto: Bjørn Inge Karlsen

På 70-talet selde dei mellom 50 000 og 75 000 av kvar einaste plate dei gav ut. Forfattar Thor Rune Haugen, mannen bak diskografien «Riller over Fjord og Fjell», skildrar oslobandet som det største som var på 70-talet. Dei leverte langt over 100 konsertar årleg. I 1975 gav dei 213 konsertar. Nær 200 meir enn dei rakk å fullføre ulukkesåret 1982.

Dei ber ikkje fysisk preg av ulukka i dag, men Kolloen hugsar ulukkesdagen godt. Like over klokka 14 trilla turnébussen til New Jordal Swingers inn på Shell-stasjonen i Førde. Dei trengde ein pause før det siste stykket til Florø.

– Vi stod der nokre minutt og fekk oss noko å drikke. Kurt Arild skulle jobbe heile kvelden med rigging og nedpakking og spurte om eg kunne køyre siste stykket så han fekk sove. Dermed bytta vi plass, fortel Kolloen.

Sju tonn tung blokk

Dei to teknikarane og Kolloen brukte å sitje framme på turane. Difor sat Vellesvik, Andresen, Berg og Hovden i seterekkjene bak. For dei var det tilfeldig kvar dei sette seg.

Ved Helgåsberget på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, losna fleire kubikkmeter stein 100 meter oppe i fjellsida. Ei steinblokk på kring sju tonn trefte og knuste turnébussen. Av dei sju i bussen kom Kolloen, Hovden og Berg frå ulukka i live.

– Det var tilfeldig kven som overlevde og ikkje. Eg overlevde fordi eg tok over rattet nokre minuttar tidlegare. Dei ved sidan av meg omkom, fortel Kolloen.

Hugsar alt

Medan både Kolloen og Berg sat medvitslause i bilvraket, fekk Hovden med seg heile dramaet. Han såg raset komme og såg steinar og skit fylle kupeen.

Så vart det stilt i bussen.

– Eg hadde stein nesten opp til halsen. Såg ingen av dei andre, fekk ikkje kontakt med dei, og det kom ingen. Eg skjønte med ein gong at dette var veldig alvorleg. Så byrja dieselapparatet å gå, då vart eg redd. Og så såg eg rett ned i fjorden, fortel Hovden.

(Artikkelen held fram under lydklippet)

Udramatisk melding

I Førde fekk lensmannsbetjentane Knut Skurtveit og Kjell Fonn melding om ein kombibuss som var treft av steinar mellom Erdal og Naustdal.

Ei langt mindre dramatisk melding enn det synet som møtte dei på ulukkesstaden kring kvarteret seinare. Alvoret vart raskt tydeleg for Fonn og Skurtveit, då høvesvis 35 og 31 år gamle.

– Det var eit krater med rusk, rask og steinar. Svære steinar som låg spesielt i framkant og opptil bilen. Etter kvart fekk vi greie på at det var sju personar i bilen, fortel Skurtveit.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Nyhetsinnslag om rasulukka - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ: NRK sendte reporter Erling Borgen i helikopter frå Oslo til Naustdal for å dekkje rasulukka. Her er innslaget frå Kveldsnytt 18. februar 1982.

Kaotisk situasjon

På ulukkesstaden rådde det kaos. Tre overlevande sat fastklemde i vraket, og rasfaren var langt frå over.

Den noverande lensmannen i Jølster skildrar ulukka som den mest tragiske og dramatiske ulukka han har vore med på.

– Det var eit krevjande arbeid. Folk måtte skjerast ut, men det rasa framleis stein i vegbana, nærast rundt beina, så vi måtte evakuere litt undervegs. Etter kvart fekk vi drege bilen tilbake slik at vi kom til og fekk frigjort dei i bilen, fortel Skurtveit.

Rett i gravferd

Kolloen og Berg vart sende til sjukehuset i Førde med alvorlege brotskadar og skadar på lungene.

– Legen fortalde at det nok var fordi eg ikkje hadde røykt og hadde sunge mykje at eg hadde så sterke lunger. Med punkterte lunger var det truleg berginga for min del, fortel Berg.

Rasulukka som råka New Jordal Swingers. - MIRAKEL: Dåverande NRK-reporter Erling Borgen skildra det som eit mirakel at nokon i det heile kom levande ut av bilvraket. - Foto: Politiet /

MIRAKEL: Dåverande NRK-reporter Erling Borgen skildra det som eit mirakel at nokon i det heile kom levande ut av bilvraket.

Foto: Politiet

Saxofonist Hovden, som vart frigjort først, fekk også alvorlege brotskadar, men deltok i dei gravferdene han greidde.

– Eg hadde meir flaks enn eg hadde lov til. Veldig lite skader på kroppen, men bagen eg hadde mellom beina vart heilt knust, fortel han.

Tok og berga liv

Paradoksalt nok; den same steinblokka som kravde fire menneskeliv, berga truleg livet til dei tre overlevande. Steinen la seg framfor bussen og hindra den i å gå rett i Førdefjorden.

– Då seier det seg sjølv at det hadde blitt endå meir tragisk, seier Kolloen, vel vitande om at det var tilfeldigheitene som rådde då steinane trefte turnébussen.

Eigil Berg - FRONTFIGUR: Eigil Berg (62) var medlem i Morgans før var med og starta New Jordal Swingers. - Foto: Handout /

FRONTFIGUR: Eigil Berg (62) var medlem i Morgans før var med og starta New Jordal Swingers.

Foto: Handout
Størst på 70-talet

New Jordal Swingers såg dagens lys i 1971, då som backingband til Per «Elvis» Granberg. I 1973 stod dei for første gong på scena som New Jordal Swingers. Sidan har dei levert 24 album og kring 4 000 konsertar i Norge og Sverige.

Dei held framleis koken, men i fjor vart det med ein opptreden under Dansefestivalen på Sel. I sommar spelar dei på Kampendagene i Oslo.

Bandet har hatt 28 titlar innom Norsktoppen og fekk før ulukka mellom anna gullplater som prov på populariteten. I 2003 vart Rock Machine kåra til tidenes norsktoppmelodi.

– På slutten av 70-talet var New Jordal Swingers det største vi hadde, men på 80-talet vart dei utfordra av punkrocken. Dei var framleis av dei største vi hadde på den tida, fortel musikkjournalist Thor Rune Haugen.

Fullførde «NJS»

– Dei leverte enkel, folkeleg musikk. Dei henta fram låtar frå 50-talet som dei skreiv om, så det var mykje nostalgi i musikken. Etter kvart kom dei også med sin eigen musikk. Eigil Berg er ein flink komponist og låtsnikkar. Dei var alle gode musikarar, forklarer Haugen om populariteten til Oslo-bandet.

Ulukka råka medan dei arbeidde på si 14., men første reine norskspråklege LP-plate, «NJS». Det siste som skjedde i studio var at Andresen song inn «Drømmekvinnen», medan Vellesvik song inn «Alle Du Ikkje Fikk».

– Eg er veldig glad for at vi fekk gjort det før ulukka, seier Eigil Berg og legg til:

– Etter ulukka ville vi fullføre «NJS»-albumet. Kompet og koringa var spelt inn til alle låtane, det gjenstod å leggje på stemmer på dei resterande låtane. Etter kvart byrja vi å snakke om å ta opp att bandet, og då vi byrja å turnere att var det med nær halvert aktivitet.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Siste opptreden på TV for New Jordal Swingers - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ: Siste gong New Jordal Swingers spelte på TV var knappe to veker før rasulukka, laurdag 6. februar. I ungdomsprogrammet 'Halvsju' spelte dei sin versjon av See You Later, Alligator. Dei backa også unge Halvor Holter (frå Babel Fish) og Mona Grytøyr.

Ny besetning

Etter vel eitt års pause etter ulukka, var New Jordal Swingers på vegane att i april 1983. Då med Bjørn Kristiansen og Asle Nilsen på plass som nye medlemmer.

– Vi var gjennom ein ganske hektisk periode, der vi snakka om dette. Sjølv om eitt år ikkje høyrest mykje ut, så var det eit intenst år der vi gjekk gjennom ganske mange fasar, fortel Hovden og legg til:

Ivar Hovden - GAV SEG: Ivar Hovden (65) var med i New Jordal Swingers til 1991. No har han funne draumejobben i barnehagebransjen, spelar barneteater og spelar inn barnemusikk. - Foto: Natura /

GAV SEG: Ivar Hovden (65) var med i New Jordal Swingers til 1991. No har han funne draumejobben i barnehagebransjen, spelar barneteater og spelar inn barnemusikk.

Foto: Natura

– Det var jo moro. Det var jo difor vi heldt på med dette. Det var ein fantastisk arbeidsplass. Å leve ut gutedraumen du aldri trudde skulle bli noko av. Plutseleg er du midt i det, og då er det tungt å slutte.

Rett til topps

Comebackåret toppa dei radiolistene med «Tornerose», «Vi Gjør Hva Vi Vil», «Eventyr» og den første utgjevnaden med ny besetning, «Før Lyset Brenner Ned». Dei tre første frå albumet «NJS».

– Det var ganske spesielt å vere i gang att, men vi vart så godt mottekne då vi starta opp att. Det var heilt fantastisk. Fulle hus over alt, publikum støtta oss, plateselskapet støtta oss. Alle rundt oss støtta oss og hjelpte oss i gang. Men det var veldig spesielt å stå på scena att første gongen etter ulukka, vedgår Kolloen.

Mista lysta på turnelivet

Men gruppa kom ikkje tilbake på same nivå som før ulukka. Frå 1984 leverte New Jordal Swingers mellom 44 og 84 konsertar fram til jubileumsåret 1993. Sidan er aktiviteten blitt mindre, og utgjevingstakten også langt lågare.

Sjølv om bandet i dag tek speleoppdrag, fortel Kolloen at ulukka sette livet i perspektiv.

– Vi mista vel litt lysta på å turnere på norske vintervegar og diskuterte fram og tilbake kva vi skulle gjere. Men det var musikarar vi var, og vi måtte halde fram med det, fortel John Kolloen.

«Låtskriver» i haust

New Jordal Swingers . Fra venstre: Armand Torp, John Kolloen, Eigil Berg og Ole Marius Melhuus. - ANNO 2011: Dagens besetning med Armand Torp (f.v.), John Kolloen, Eigil Berg og Ole Marius Melhuus har halde seg stabil sidan 1992. - Foto: Promo /

ANNO 2011: Dagens besetning med Armand Torp (f.v.), John Kolloen, Eigil Berg og Ole Marius Melhuus har halde seg stabil sidan 1992.

Foto: Promo

Den siste plata med New Jordal Swingers kom i 2001. Den siste produksjonen frå bandmedlemmene var det Eigil Berg som stod for.

Han venta 30 år før han i fjor haust gav ut oppfølgjaren til si første soloplate «Alhambra» (1981), «Låtskriver».

Berg har vore aktiv med Rikskonsertane, og han harogså skrive to av spora på Trond Granlund sitt siste album, mellom anna tittellåten «Bror min og Eg».

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Fleire nyhende

I Askvoll fryktar dei at dei skal miste BÅDE ambulansen OG ambulansebåten. For Helse Førde ser no på om dei skal sentralisere til STØRRE og FÆRRE stasjonar. Dette gjer dei utan at kommunen har fått meine noko om saka.
Regjeringa ynsker å kutte leveringa av post på laurdagar. 
Årsaka er at dei ser at stadig færre sender post i helga.
Dette vil gå ut over pressa, som ikkje vil få levert avisene sine på laurdagar til dei som bur utanfor sentrum.
I over eitt år har eit samla beredskaps-Noreg venta på den største omveltninga i politiet nokon gong. Framleis utan svar. Mange politidistrikt er føreslått nedlagt. I Sogn og Fjordane har ventetida ført til at folk har slutta.

Kvar er dette?

Kvar er dette - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her